Stengd veg natt til onsdag

Fylkesveg 60 mellom Grodås og Hellesylt vert nattesstengd på grunn av vegarbeid, melder Statens vegvesen.

Vegen vil verte stengd frå 00.00 til 06.00 onsdag morgon frå Kvivsbrua til Støverstein på fylkesgrensa til Møre og Romsdal. Statens vegvesen melder at utrykkingskøyretøy kan passere. Det finns inga lokal omkøyring, så reisande må køyre om E39 Volda. Ferja mellom Sæbø og Leknes på fv 655 går heller ikkje så seint om natta, så om ein skal i retning Stranda eller Hellesylt må ein ta E39 i retning Ålesund, og så ta fv 60 frå Blindheim mot Stranda, via Sykkylven.