Fylkeskommunen går truleg med underskott

PENGETRØBBEL: Møre og Romsdal fylkeskommune går trolig med nesten 40 millioner i underskudd i år. FOTO: Andrew Khrooshavin

Innan 2022 vil alle oppsparte fond i Møre og Romsdal fylkeskommune være oppbrukte, skriv Romsdals Budstikke.  – Vi klarar ikkje meir gjeld, seier fylkesrådmann Ottar Guttelvik til avisa.

 

Fylkesådmann Ottar Brage Guttelvik i Møre og Romsdal fylkeskommune må spare inn nesten 40 millioner for å få råd til nye prosjekter. FOTO: mrfylke.no
KUTT: Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik må bruke mindre pengar på å drifte skule, samferdsel og kultur. FOTO: mrfylke.no

Frå 2019  må alle sektorar redusere driftskostnadane med 1 prosent, meiner rådmannen i fylket. Det betyr blant anna 15 millionar mindre til samferdsel og 16 millionar mindre til skulane.

Guttelvik seier til rb.no at dette er den einaste måten å ha pengar til nye prosjekt dei gjerne vil gjennomføre. 

– Vi klarar ikkje meir opptak av lån, forklarar han.

Av møtepapira til dagens møte i fylkesutvalet, kjem det fram at fylkeskommunen ligg an til å gå med nesten 40 millionar kroner i underskott i år. 

 

ROLEG: Fylkesordførar Jon Aasen framstår ikkje bekymra for millionkutta. FOTO: Møre og Romsdal fylkeskommune

 

Fylkesdfører Jon Aasen seier til Nærnett at dette ikkje er ein stor sum for fylkeskommunen.

– Vi har eit budsjett på tre milliardar, så dette vil ikkje få store konsekvensar, meiner han.

Han seier at dei kjem til å stramme inn, men ikkje kutte i stillingar. 

– Ingen kjem til å miste skulen eller læraren sin. Vi kjem til å merke det på for eksempel vikarbudsjetta. Ledige stillingar kjem kanskje ikkje til å bli besatte med ein gong, forklarar han.