Volda med full pott etter tre kampar

God sesongstart for Volda

TABELLTOPP: Volda handball kan vere fornøgde etter en god sesongstart. Foto: Ove Krumsvik.

Handballdamene til Volda har starta sesongen godt, og toppar si avdeling i andredivisjon. Trenar Halldor Stefan Haraldsson seier at målet er å kjempe om opprykk i det han trur blir ein jamn sesong.

Tre sigrar og 79-69 i målforskjell er resultatet for Volda tre kampar ut i den nye sesongen i 2. divisjon. Sesongen starta med heimesiger mot Utleira 3. september, og førre helg blei det siger borte mot både Selbu og igjen mot Utleira.

– Vi er sjølvsagt fornøgde med å ha starta sesongen med 6 poeng på tre kampar, særleg når to av desse har vore mot Utleira, seier Haraldsson.

Volda tapte begge kampane mot Utleira førre sesong, og Haraldsson seier at det er utruleg viktig å ha slått laget som han meiner kjem til å kjempe i toppen av tabellen denne sesongen. For resten av sesongen er målet til Volda å kjempe om opprykk.

– Vi har sagt frå starten at vi håpar på å gjere det litt betre enn i fjor, og sidan vi kom på andreplass førre sesong er opprykk det einaste som er betre.

– Jamt i toppen

Haraldsson trur det kjem til å bli jamt i toppen denne sesongen, og han meiner at det allereie har vore fleire spesielle resultat i dei første kampane.

– Det ser ut som kvar einaste siger kjem til å telje mykje denne sesongen, seier han

Neste kamp for Volda er mot Aker Topphåndball 2 heime i Voldahallen den 24. september. Aker har også hatt ein god start på sesongen, og vunne begge kampane sine til no. Haraldsson seier at Volda alltid har som mål å vinne heimekampane sine, men han skryt også av motstandaren.

– Eg har sett begge kampane til Aker, og dei har eit ungt og friskt lag. Å slå Levanger 2 med over 20 mål er òg sterkt.