– Dei svarte bra for seg

Grendalaga i Dalsfjorden: Var sjokkerte over Volda kommune

Grendalag- og grendautvala i Dalsfjorden hadde inntrykk av Volda kommune ikkje ønskte å tilby dei heimesjuketenester. Eit møte i går letta litt på trykket.  

 

«Vi er sjokkerte over at Volda kommune kan møte sine innbyggjarar på denne måten»

Det skreiv Arne Torvik og Jorunn Beate Lillebø Lande, leiarar for høvevis Lauvstad og Velsvik grendautval, og Innselset og Dravlausbygda grendalag,  til ordførar Jørgen Amdam.    

Det hadde bygga seg opp frustrasjon og uvisse ovanfor heimesjuketenestene i Dalsfjorden. Denne setninga frå brevet oppsumerer saka godt:

«Er det verkeleg slik at vi må basere oss på selje bustad i Dalsfjorden og kjøpe bustad i Volda sentrum for å kunne motta heimebaserte omsorgstenester frå Volda kommune?»  

Kommunen møtte folket – letta på stemninga

Etter eit møte med helseleiinga i går, har pipa fått ein litt annan lyd. Lande seier at det er viktig at folk faktisk søker om helestenester. Det sjølv om dei er redde for å bli avvist grunna geografi.

– Vi må ta innover oss at vi har eit ansvar vi også. For at kommunen skal vite kor mange som har behov for heimesjukepleie, må folk søke, seier ho. 

For etter det Lande fortel avkrefta helse- og omsorgsjefen at kommunen driv med forskjellsbehandling, og kom også med ei orsaking. 

– Han orsaka at det har blitt sagt ting frå  forvaltninga si side som har skapt eit slikt inntrykk, seier grendautvalsleiaren.  

Alle skal bli behandla kvar for seg

Bodskapen frå kommunen var at alle saker skal bli behandla individuelt, etter at det er sendt inn søknad. 

Ordførar Jørgen Amdam vil ikkje kommentere saka, og viser vidare til konstituert helse- og omsorgssjef Svein Berg-Rusten. Nernett har prøvd å kome i kontakt med Berg-Rusten, utan hell.   

Kring 40 personar kom på møtet 21. september, etter det Lande såg. Ho skildrar eit positivt møte der det også var rom for kjensler. Både hygge og latter, sinte innlegg og kritiske spørsmål kom opp til overflata.  

– Folk må følge med vidare

Sjølv om møtet var konstruktivt, vil ikkje Lande seie at stridsøksa er gravd heilt ned. 

– Det blir fort ein skilnad på Dalsfjorden og Volda sentrum. Folk må følge med på utviklinga, oppmodar ho. 

Torvik og Lande i Landsfjorden  ber Volda kommune klargjere kva kommunen eigentleg tilbyr av helse- og omsorgstenester. 

Tarjei Engeset Ofstad

Tarjei Engeset Ofstad

Les flere artikler fra Tarjei Engeset Ofstad.

Journalistikkstudent ved Høgskulen i Volda. Særleg interessert i sakar som verdrører både næringsliv og natur- og miljøvern, samstundes.