LSK-trenar håpar på fleire kvinner i toppjobbar

Hege Riise: ‒ Ein lang veg å gå enno

Hege Riise i aksjon i trenar-rolla. FOTO: Privat

Sundag vart første episode av fotballserien «Heimebane» sendt på NRK. Serien skal gå i ti delar og vert vist i beste sendetid på statskanalen.

«Heimebane» er ein serie laga av Motlys og NRK, og handlar om Helena Mikkelsen (Ane Dahl Torp), som vert den første kvinnelege trenaren i Eliteserien for menn. Ho tek over det fiktive laget Varg IL, som held til i Ulsteinvik, og møter stor motgang frå både laget, fans og media.

Hege Riise er for tida trenar for LSK Kvinner og meinar at å sjå ein kvinneleg trenar på toppnivå hadde vore kult, men at i hovudtrenar-rolla må me nok vente ei stund til at skjer. Då meinar ho det er nærmare at me får begge kjønn i støtteapparat- ikkje berre som fysio, men også som assistent eller spelarutviklar.

‒ Kvifor er det så få kvinnelege trenarar i herrefotballen?

‒ Der er kulturen fortsatt ganske sterk. Husk at det først no vert satt fokus på likelønn/bonus i NFF som er øverste organ for fotballen. Eg trur det fortsatt går lang tid før me ser ein kvinne høgare opp i herrefotballen diverre.

LSK-trenaren. FOTO: Privat

‒ Kva for utfordringar møter du om du som kvinne satsar som trenar i herrefotballen, trur du?

‒ Ein vert eksponert for om ein er god nok- om du fagleg sett er sterkare enn fleire mannlege, så kjem ein inn med eit "handicap" og MÅ verkeleg prestere frå dag ein. Det ville vert ein stor sak i media i tillegg. Det er ikkje umogleg- men ein skal orke å setje seg sjølv i den posisjoen òg.

Riise fortel vidare at kulturen for mannlege trenarar har vore den største utfordringa ho har støtt på som topptrenar.

‒ Kunne du tenkt deg å vera trenar for ein herreklubb på toppnivå?

‒ Det er eg faktisk usikker på. Først og fremst føler eg at eg kan bidra endå meir for å løfte kvaliteten i kvinnefotballen.

"Heimebane" vert vist på NRK kvar sundag framover, og Riise slår fast at ho skal følgje nøye med heimefrå sofakroken.

1995 vart ho den første kvinna kåra til Årets norske spelar

2003- kåra til Noregs beste kvinnelege spelar

Ho har vunne Kniksen-prisen to gongar

2004- Kniksens hederspris

2016- Idrettsgalla- Juryens hederspris

2017- Årets trenar, for LSK Kvinner