Tre frå Høgre på mørebenken

Her er den nye Mørebenken

Frå venstre: Steinar Reiten, Fredric Bjørdal, Else-May Botten, Jon Georg Dale, Sylvi Listhaug, Vetle Wang Soleim, Marianne Synnes og Helge Orten. Jenny Klinge var ikkje til stades. 

– Når vi ikkje fekk tre mandat, var det bra det var Høgre som fekk det, sa Sylvi Listhaug til NRK. 

Mandatfordelinga frå Møre og Romsdal har endra seg sidan førre stortingsval. Venstre mistar sin einaste stortingsrepresentant, medan Høgre no får tre.

Frp landa til slutt på to mandat. Senterpartiet og KrF er inne, medan Venstres Pål Farstad fell ut av Stortinget. 

NYKOMMAR: Høgre er valets vinnar, og får heile tre mandatar frå Møre og Romsdal. Marianne Synnes er ein av dei nye som får plass på Stortinget.
Foto: Ådne Riis Hallås

Samstundes er det fleire utskiftingar blant dagens representantar. 

Fem nye stortingsrepresentantar

Frå Høgre kjem Marianne Synnes og Vetle Wang Soleim inn, medan Elisabeth Røbekk Nørve går ut. Oskar Grimstad og Harald Nesvik frå Frp forlét også Stortinget, til fordel for Sylvi Listhaug og Jon Georg Dale. Dagens stortingsrepresentant frå KrF, Rigmor Andersen Eide, blir bytta ut med Steinar Reiten, som no fekk utjamningsmandatet.

Helge Orten (H), Jenny Klinge (Sp), Fredric Holen Bjørdal (Ap) og Else-May Botten (Ap) blir på Stortinget som før. 

Disse politikarane skal representere folket i Møre og Romsdal på Stortinget: 

Høgre (3): Helge Orten, Marianne Synnes og  Vetle Wang Soleim 

Frp (2): Sylvi Listhaug og Jon Georg Dale

Arbeidarpartiet (2): Else-May Botten og Fredric Holen Bjørdal

Senterpartiet (1): Jenny Klinge 

Kristeleg Folkeparti (1*) Steinar Reiten 

*Utjamningsmandat 

 

 
Tarjei Engeset Ofstad

Tarjei Engeset Ofstad

Les flere artikler fra Tarjei Engeset Ofstad.

Journalistikkstudent ved Høgskulen i Volda som prøver å være god i alt. 

Toini Thanem

Toini Thanem

Les flere artikler fra Toini Thanem.