Hødd ser oppover på tabellen

Hødd ser oppover på tabellen

Hødd tok ein viktig siger sundag ettermiddag. Stavanger-laget Vidar vart slått 3-1 heime på Høddvoll. Foto: Espen Langeveld/Arkiv

Hødd har no fem poeng ned til nedrykk etter sundagens viktige siger mot Vidar. Trenar Nyland ynskjer no å sjå oppover på tabellen.
 

Sundag ettermiddag var det klart for botnoppgjer i Postnordligaen avdeling 1. Hødd tok imot Stavanger-klubben Vidar, i det som vart ein skikkeleg opptur for laget frå Ulsteinvik.

Etter dei fyrste 45 minutta av kampen leia Hødd alt 3-0. Andre omgang vart ein jamnare affære, der Vidar reduserte med knappe halvtimen igjen. Fleire mål vart det ikkje, og sluttresultatet på Høddvoll vart 3-1 til heimelaget.

Viktig siger

Det betyr at Hødd no har ei luka på fem poeng ned til nedrykksstreken, i tillegg til å ha teke deira fyrste siger sidan 23. juni heime mot Sola.

– Me tenkjer berre neste kamp, det er berre det me kan påverka. No ynskjer me å sjå oppover på tabellen, seier Sander Håskjold Nyland, trenar for Hødd.

Og oppover på tabellen er det tett som hagl. Hødd ligg akkurat no på 10. plass, men det er berre tre poeng opp til Nardo på 6. plass.

På spørsmål om Hødd har noko klart resultatmål er trenar Nyland løyndomsfull.

– Hødd har ikkje noko resultatmål utad for denne sesongen. Sjølvsagt set me oss mål, men det held me internt.

Trenar for Hødd, Sander Håskjold Nyland, ser oppover på tabellen og er klar over at det ikkje er mange poeng som skil laga i avdelinga. Foto: Espen Langeveld

Ny signering

Laurdag 31. august annonserte Hødd på heimesida si at dei har fått på plass ein ny spelar. Australiaren Luc Jeggo vert ein del av troppen til Hødd. Han kjem frå det færøyske laget Tvøroyrar Bóltfelag, som spelar på det øverste nivået på Færøyene.

Jeggo fekk seg ein smell på trening tidlegare i veka, og var difor ikkje aktuell for sundagens kamp mot Vidar. Nyland håpar å ha han tilbake i løpet av veka, og trur Jeggo kan vera ein avgjerande mann i dei resterande kampane.

– Han kan verta viktig for oss. Han er ein god spelar, men må sjølvsagt gjera seg fortent ein plass i startellevaren slik som alle andre. Ingen spaserer rett inn på laget, fortel Nyland.

Ein annan spelar som har vore linka til klubben er Jakob Nyland Ørsahl. 18-åringen spelar til dagleg for Molde 2, men har trena med Eliteserien-laget heile sesongen, og i tillegg spelt i cupen for Molde.

Sunnmørsposten meldte førre veke at stortalentet trena med Hødd, og at det kunne vera snakk om ein låneavtale.

Sander Håskjold Nyland er ordknapp om Molde-spelaren.

– Han er fortsatt Molde-spelar. Men me held ein god dialog med klubben, slik som me også gjer med andre klubbar i nærleiken.

Levanger neste

Neste kamp for Hødd er mot Levanger på bortebane på sundag. Trønder-laget ligg for tida på 5. plass på tabellen, 6 poeng foran Hødd.

Håskjold Nyland håpar at laget kan ta med seg den gode prestasjonen frå denne helga inn mot neste kamp.

– Eg håpar me reiser dit og leverer ein god prestasjon, og får med oss eit godt resultat.