Rein fotballglede

Hødd united

I Hødd United er samhald den viktigaste faktoren for å lukkast. Foto: Oddvar S. Saanum

Hødd United er eit fotballag for folk med psykisk utviklingshemming i Søre Sunnmøre. Dei har trening kvar onsdag, og her er alle velkomne. Det er folk i alle aldrar her, både gutar og jenter.

Laget vart starta opp i 2009. Den dagen me er på besøk er det over 20 stykk påtrening. For mange er dette høgdepunktet i veka.

– Det er bra jobba, kom igjen!, roper trenar Bård Dalen medan spelarane virrar rundt han i forskjellig tempo. Hødd United brukar halve banen i Ulsmohallen når dei har trening. Oppe i det eine hjørnet står keeparane og har eigen keepertrening.

– Keeper!, ropar ein av keeparane av full hals når han fangar ballen med henda. Dei har lært seg å rope høgt når dei tar imot ballen.

Bård dalen
Trenar Bård Dalen seier det er ei stor glede å vere trenar for Hødd United. Foto: Hanna Gjelsvik Berg

Skåre mål

Treninga har gått vidare, og skotøving står no for tur. Spelarane stiller seg på ei rekkje bak kvarandre. Den fyrste i køen sentrar ballen til ein person nokre meter føre seg, og får ballen tilbake. Målet er no å få ballen i mål.

– Kom igjen, sikte på hjørnet! Bra forsøk!, oppmuntrar Dalen undervegs i skotøvinga.

For mange er nettopp det å skåre mål noko av det kjekkaste med fotballen. Anna Elise Dalhaug Haugen frå Volda er ein av dei som synes det.

– Alt med fotball er eigentleg kjekt, men det er veldig kjekt å skåre mål. Eg likar å spele over alt på banen. Når me reiser på turnering har me det og veldig moro. Me spelar som regel 3-4 kampar.

Fotballinteressert

Anna Elise Dalhaug Haugen
Anna Elise Dalhaug Haugen elskar å skåre mål. Foto: Oddvar Sagbakken Saanum

Anna Elise, som har vert med på Hødd United i nesten 4 år, er veldig interessert i fotball utanom treningstida og.

– Favorittlaga mine er Ålesund og Liverpool. Eg er på alle heimekampane til Ålesund, og eg tar bussen frå Volda til Ålesund før kvar kamp.

Anna Elise fortel oss at ho er kaptein på laget og har skåra fleire mål

– No må du ikkje skryte så mykje at du vert selt, skyt trenar Dalen inn frå sidelinja til latter for dei rundt.

Trenar Bård Dalen fortel at konkurranseinstinktet absolutt er på plass når dei spelar kamp.

– Jadå, det er konkurranse, men resultatet blir fort gløymt. Det er stor glede å møte vennar frå andre lag. Men treningane i seg sjølv er kanskje det aller viktigaste. Det gjer me kvar veke. Alle prioriterer veldig høgt å komma på trening, det er sosialt og så får ein litt trim i tillegg.

Takknemleg gjeng

Korleis er det å vere trenar for denne gjengen?

– Det gir meg energi å vere trenar for dei, det er ei stor glede og dei er ein veldig takknemleg gjeng å jobbe med. Dei er veldig flinke til å ta vare på kvarandre, det er viktig når det er mange som har store utfordringar i forhald til ferdigheiter. Det er sjølvsagt store forskjellar på ferdigheitene, men me er opne for alle som vil vera med. Om du er gut eller jente, kor gammal du er eller kor bra ferdigheitene dine er har me valt å sjå heilt vekk i frå. Det har gått forbløffande bra!

Samhald det viktigaste 

Sunniva Hjorthaug Myrvold
Sunniva Hjorthaug Myrold synes det kjakkaste er å spele kamp. Foto: Oddvar Sagbakken Saanum

Sunniva Hjorthaug Myrold frå Ørsta er veldig glad i å spele fotball.

– På treninga i dag spelte me mykje kamp, og det synes eg er det kjekkaste på trening. Eg pleier som regel å spela spiss.

Samhald er utan tvil noko som står høgt i dette laget. Eit døme på dette må vere når Sunniva får spørsmål om kva som er hennar favorittspelar.

– Det trur eg må vere lagkameraten min Anna Elise, ho synes eg er ein god fotballspelar.

Trenar Bård Dalen fortel at spelarane på Hødd United er ekstra flinke til å respektera kvarandre.

– Det som er fascinerande er at alle respektere kvarandre. På andre fotballag er det jo ikkje alltid sånn. Vi har keeper i rullestol, vi har folk som ikkje kan springe og vi har folk som er veldig god til å spele fotball, så heile spekteret er med. Me er veldig nøgd med at me har fått dette til å fungere, for det er ikkje sjølvsagt.