Krisehjelpa forsvinn - meir omstillingsmidlar inn

Høgreordførar om budsjettet: – Vi blir nødt til å ta meir ansvar sjølv

Anders Riise (H) har vore ordførar i Hareid sidan 2011. Han vart med andre ord gjenvalt i 2015. Foto: Høgre. 

Høgre-ordførar har blanda kjensler etter budsjettframlegget. 

Anders Riise (H) er ordførar i ein kommune som har slitt etter samanbrotet i offshore-næringa. 

– Det går kanskje betre mange stader, men krisa er ikkje over her hos oss, seier han.  

Hadde forventingar til krisestønad

Det er særleg to ting han har rekt å bite seg merke i, oppi jungelen av informasjon eit statsbudsjett byr på, ein dåreg nyheit, og eit plaster på såret. I fjor fekk Hareid ekstra midlar til å takle offshore-krisa. Dette forsvinn ut i 2018, dersom budsjettet står seg. 

– Eg forventa at vi skulle få stønad også i år.  

Må ta meir ansvar sjølv

Han peikar på at eit budsjettframlegget også er noko ei regjering nyttar for å signalisere kursen vidare. 

– Vi går inn i ei tid med stadig fleire eldre og auka kostnadar. Vi må også hugse at oljeinntektene ikkje varer evig. Då må vi finne nye løysingar for å opprettholde velferden, seier Riise. 

Han oppfattar signala i budsjettet slik at kommunane blir oppfordra til å ta enda meir ansvar sjølv.  Han er samd i at ein må få meir velferd ut av kronene 

– Ny velferdsteknologi, til dømes innafor omsorgssektoren blir naudsynt. 

Glad for stønad til forsking

 

Få ting er så avgjerande for kommuneøkonomien som lokal verdiskaping. Hareid-ordføraren er opptatt av at lokale industriverksemder skal ta del i det grøne skiftet. Og her kjem den gode nyheiten inn: 

– Det er bra at regjeringa løyver meir  penger til forsking og utvikling. Det gir oss mogelegheiter til å omstille oss. 

Det treng ytre Søre Sunnmøre, som altså framleis slit med verknadaden av kollapsen i oljeprisen.

Tarjei Engeset Ofstad

Tarjei Engeset Ofstad

Les flere artikler fra Tarjei Engeset Ofstad.

Journalistikkstudent ved Høgskulen i Volda. Særleg interessert i sakar som verdrører både næringsliv og natur- og miljøvern, samstundes.