Hovdebygda med stortap mot Blindheim

Hovdebygda-Blindheim

Hovdebygda fekk det tøft då dei tok imot Blindheim torsdag. Til slutt vann dei opprykksjagande gjestane heile 6-1.

Berre seks minutt var spelt før gjestane tok leiinga på kunstgraset i Hovdebygda. Eit innlegg vart slått inn frå venstre, og når Hovdebygda-forsvaret ikkje klarte å klarere dukka Marius Kroken Rotset opp på bakre stolpe. Fire minutt seinare dobla Blindheim leiinga, etter dei fekk frispark omlag på midtbana. Igjen glapp markeringsspelet for heimelaget, og Preben Hagen Torvanger kunne setje ballen i mål.

Etter dette roa kampen seg noko. Hovdebygda hadde ein del av ballinnehavet, og mykje av spelet gjekk føre seg inne på banehalvdelen til Blindheim. Likevel var det gjestane som verka farlegast i angrep.

Då det var spelt ein halvtime, låg ballen igjen inne i målet bak Hovdebygda-keeper Jonathan Åmot Olsen. Emil Matias Karlsson, som allereie hadde hatt eit bar gode sjansar, dribla seg fri litt utanfor 16-meteren og sette inn 3-0 for gjestane. Den største sjansen for Hovdebygda i første omgang kom nokre minutt før pause. Ein corner vart slått inn frå høgresida, men avslutninga gjekk like utanfor målet til Blindheim.

Tre raske mål i andre omgang

Fire minutt etter pause vart det igjen skåring til Blindheim. Eit innlegg kom inn frå høgresida, og Phillip Johansen Stensbø heada ballen i mål frå omlag fem meter. Ulrik Myklebust Ferstad skåra etter både 54 og 60 minutt, og det stod 6-0 til Blindheim med ein halvtime att av kampen.

I den siste halvtimen kom heimelaget betre inn i kampen. Etter 65 minutt skåra gjestane nesten sjølvmål etter eit tilbakespel, men Blindheim-keeperen klarte så vidt å få ballen ut til corner. Då det var spelt 72 minutt fekk heimelaget ballen i mål, men dommaren hadde allereie blåse for offside, og skåringa vart annullert. Raudtrøyene fekk likevel ei redusering fire minutt seinare, då ei avslutning frå Frank Sætre Ristesund gjekk via ein Blindheim-spelar og i mål.

Hovdebygda heldt fram med å styre mykje av spelet det siste kvarteret, men det var tydeleg at leiinga til Blindheim ikkje var trua. Heimelaget måtte også spele dei siste fem minutta med berre 10 mann, etter at Jon Anders Dyrkorn fekk sitt andre gule kort og vart utvist.

– Vi fekk som fortent

Etter kampen var Hovdebygda-trenar Kenneth Nydal klar på at laget fekk det dei fortente i kampen.

– Vi har hatt dårleg oppmøte på trening dei siste fjorten dagane, med både ein del skader og prioritering av jobb, og då får vi som fortent. Vi er rett og slett ikkje gode nok, og Blindheim er eit vesentleg betre lag.

Hovdebygda tek imot botnlaget Vigra i neste runde, men Nydal har ikkje tru på at det blir nokon lett kamp.

­– Vi må berre mobilisere. No får vi tilbake eit par spelarar til neste kamp, men vi får også eit unødvendig raudt kort i dag. Vi er ikkje i flyten for å seie det sånn.

Med to kampar att av sesongen ligg Hovdebygda på femteplass, og bør vere nokså sikre på å halde seg i divisjonen. Nydal ønskjer likevel at laget skal ta fleire poeng før sesongen er over.

– I utganspunktet trur eg vi held oss med 26 poeng, men det vert for dumt å berre vente å sjå om vi gjer det.

Blindheim ligg på si side på tredjeplass, eitt poeng bak Ørsta. Det er altså framleis spenning rundt den siste opprykksplassen frå divisjonen.