Ørsta eitt steg nærare opprykk etter siger mot Hovdebygda

Hovdebygda-Ørsta

STORSIGER: Ørsta heng framleis godt med i kampen om opprykk etter å ha slått naboklubben Hovdebygda torsdag. Foto: Truls Fenre

Hovdebygda tok imot eit opprykkjagande Ørsta torsdag kveld. Gjestane skåra tre kjappe mål i første omgang, og vann til slutt 6-1.

Heimelaget gjekk hardt ut frå start på kunstgraset i Hovdebygda, og stod høgt i bana. Det var likevel Ørsta som var nærast skåring i opningsminutta, med to avslutningar like over mål før fem minutt var spelt.

Etter kvart fekk gjestane større kontroll over kampen, sjølv om kaptein Tore Sætre Otren måtte gå av bana med skade etter 10 minutt.

Gjestane i føringa

14 minutt ut i kampen tok Ørsta leiinga. Sverre Sætre Otren, som hadde stått bak mykje av det gjestane skapte offensivt sette ballen i mål. Etter 17 minutt vart leiinga dobla. Simen Tømmerbakk Flekke vart spelt fint igjennom, og sette ballen mellom beina til Hovdebygda-keeper Jonathan Åmot Olsen.

Berre eitt minutt seinare gjekk det frå vondt til verre for heimelaget si målvakt. Han brukte for lang tid på å spele ut ballen, noko som gav Knut Erik Myklebust sjansen til å sende Ørsta opp til 3-0.

Sjansar til begge lag

Etter det tredje målet kom heimelaget meir inn i kampen, utan å skape særleg store vanskar for Ørsta-forsvaret. Ørsta var nære å auke leiinga både etter 26 og 30 minutt, men begge gangane slapp Hovdebygda med skrekken.

Resten av første omgang bølga litt fram og tilbake, med nokre gode sjansar for begge lag. Rett før pause fekk heimelaget ein kjempesjanse, men Ørsta-keeper Martin Liaskar klarte å halde ballen ute av målet.

Fleire mål i andre omgang

5 minutt ut i andre omgang fekk gjestane straffespark, og Mats Johannessen Øvrebotten sette ballen sikkert i mål.

Etter om lag ein time kom reduseringa frå heimelaget. Liaskar i Ørsta-målet måtte gje ein retur, og den var Jon Anders Dyrkorn først på. Gjestane fortsette å føre kampen etter reduseringa, før Hovdebygda var nær ny skåring på eit frispark frå rett utanfor sekstenmeteren etter 70 minutt.

Like etter økte Ørsta leiinga til 5-1, etter ei ny skåring av Øvrebotten. Før Hovdebygda rakk å ta avspark etter skåringa slo flomlyset på stadion seg av, noko som førte til stopp i spelet i nokon minutt.

Ørsta hadde grei kontroll på resten av kampen, og fem minutt før full tid sette Olai Vinjevoll inn 6-1-målet for gjestane.

– Eit typisk lokalderby

Etter kampen sa Ørsta-trenar Are Bjørgum til Nærnett at kampen blei slik som lokaloppgjer ofte blir.

– Det var eit typisk lokalderby med lite finspel og mykje kriging, og mykje mål til slutt.

Bjørgum synest sigeren var fortent, sjølv om Ørsta kanskje fekk eit par mål meir enn det kampbiletet skulle tilseie. Han synest også at dei stort sett hadde grei kontroll på kampen.

­– Vi var ganske effektive. Samtidig synest vi ikkje at Hovdebygda hadde noko voldsamt med sjansar. Dei hadde eit par i første omgang, men elles synest eg ikkje dei skapar så mykje i løpet av kampen. Resultatet er fair, men vi fekk kanskje eit par ekstra mål.

– Då vi gjekk opp til 3-0 følte eg vi hadde god kontroll, men dei siste 15 minutta av første omgang slapp vi oss litt langt ned og spelte ganske dårleg. I andre omgang synest eg vi hadde kampen i vår hule hand.

– Har ikkje rykka opp enda

Sigeren gjer at Ørsta ligg godt plassert med tanke på opprykk, men Bjørgum tek ikkje gledene på forskot.

– Så lenge vi vinn dei tre siste rykker vi opp, så vi har tre cupfinalar att. Samtidig hadde spelte vi uavgjort mot to av dei tre laga vi skal møte, så vi kan ikkje seie at vi har rykka opp enda.

– Ein rar kamp

Hovdebygda-trenar Kenneth Nydal meinte ei dårleg periode i første omgang øydela mykje for heimelaget, i det han kallar ein rar kamp.

– Eg synest vi gjorde ein brukbar første omgang, foruten om ei periode på 8-10 minutt der vi gir Ørsta tre sjansar, og dei skårar på alle tre. Samtidig synest eg vi produserte fleire gode sjansar utan å få uttelling.

I pausen vart heimelaget einige om å prøve å vinne den andre omgangen, men ifølgje Nydal øydela straffesituasjonen mykje.

– Etter det var kampen i realiteten ferdig, så derifrå og ut var det ikkje spesielt kjekt.

– Bør vere topp fire

For Hovdebygda er fokuset no på å sikre spel i divisjonen også neste sesong.

– Eg veit ikkje om vi kjem til å trenge det, men for å vere heilt sikre bør vi ta tre poeng til i dei neste kampane. Då slepp vi å ha for mykje nervar inn mot siste runde.

For neste sesong er målet å kjempe høgare opp på tabellen enn det som har vore tilfelle i år.

– Vi rota det litt til i dei siste kampane før sommarferien i år. Då mista vi ein del folk, mellom andre toppskåraren vår. No har vi ein god gjeng igjen, så om ein ser på mannskapet bør vi eigentleg ligge innanfor topp fire. Derifrå kan alt skje.