Ingen gutar har hittil tatt imot tilbodet

Fotograf: Britt Rekkedal (Bilete av helsestasjonen i Volda)

Helsestasjonen i Volda. Foto: Britt Rekkedal 

Tilbodet gjeld mannlege narkomane, sexarbeidarar og homofile, men ingen på Søre Sunnmøre har enda benytta seg av moglegheita.

Alle kvinner under 27 år har fått tilbod om HPV-vaksinasjon. No kan menn under 27 år i utsette grupper også vaksinere seg.

18.000 vaksiner på restlager

Foto: Michelle Kleveland

Tidlig i september sendte Folkehelseinstituttet eit skriv til helsestasjonane om at menn som har sex med menn, sexarbeidarar og narkomane skal bli tilbudt HPV-vaksina gratis. Dette skuldast at 18.000 doser av Gardasil ligg på restlageret. Dette er nok til å vaksinere 6000 personar i utsette grupper rundt omkring i landet.

– Vi har alt å vinne på å gi homofile tilbodet om vaksine, seier Elisabeth Strand Slettestøl som er leiande helsesøster i Herøy kommune. 

For å starte vaksinering må ein bestille time på helsestasjonen i den kommuna ein vil ta sprøyta i.

Vi har prøvd å komme i kontakt med helsestasjonen i Sande kommune, men har ikkje fått kontakt. Vi har tatt kontakt med Herøy, Vanylven, Ørsta og Volda.

Bilete av: Elisabeth Strand Slettestøl

 

Ingen homofil sjekk

Det er sjølvsagt umogleg å sjå på nokon at dei er sexarbeidarar eller homofile. 

– Vi tilbyr vaksine i god tru på at vedkommande som henvend seg er i ei av dei utsatte gruppene. Vi har ingen grunn til å tru at nokon vil utnytte systemet, seier Slettestøl.

 

Gardasil på veg ut

Gardasil er den gamle versjonen av vaksinen og vil gå ut på dato i midten av 2019. På anbodslista er det Cervarix som vil bli den nye vaksinetypen mot HPV. Dei påverka gruppene må starte vaksinasjonsprogrammet seinast i november 2018 for å få den gratis. Dette for å rekke å ta siste dose før vaksina utgår 31. mai 2019.

Seinast bestilling 10. oktober

For dei helsesentera som ikkje har vaksine på lageret må det bestillast før 10. oktober. Likevel har ingen av helsestasjonane på Søre Sunnmøre gått ut til media eller kommunene sine heimesider for å opplyse om dette tilbodet. Noko som kan vere til grunn for at ingen homofile har benytta seg av tilbodet.

– Det er berre eit par veker sidan vi fekk denne beskjeden, så vi har ikkje rukke å sette ut eit skriv enda, seier Gry Janne Bringsvor, avdelingsleiar og helsesøster i Vanylven.

Homofile ikkje flokkbeskytta 

4 av 5 kvinner under 27 år er vaksinert. Det vil sei at gutar og menn som har samleie med kvinner frå denne gruppa, er indirekte beskytta av HPV-viruset. Menn som har sex med kvinner eller menn utanfor denne gruppa, har høgare risiko for eksponering av HPV-viruset. Smitterisiko for HPV er 10 prosent for kvart partnerbytte. Kondom gir heller ikkje fullstendig beskyttelse sidan HPV-viruset kan forekomme på område som ikkje er beskytta av ein kondom. 

Voksne burde også ta HPV-vaksine

Vaksinen har best effekt før seksuell debut. Derfor har vaksinen blitt innført i barnevaksinasjonsprogrammet for alle jenter og gutar i 7. klasse

Vaksinen har vist at den er effektiv sjølv om ein har debutert seksuelt. Enkelte kan vere usmitta, ha blitt smitta og kvitta seg med viruset. I nokre tilfelle kan ein vere smitta av HPV 16 men ikkje 18, og dermed bli delvis beskytta om ein blir vaksinert. 

1 av 100 gutar får kreft som følgje av HPV-virus

Vaksinen kan forhindre 100 krefttilfeller av menn for kvart årskull som vaksinerar seg. Dette fortel overlege Sveinung Wergeland Sørbye i ein artikkel til sykepleien.no. For menn kan HPV-vaksinen forebyggje kreft i svelg, hals, penis og anal som følgje av ulike HPV-virus. Vaksinen kan også forhindre kjønnsvorter som følgje av genotype 6 og 11. Derfor er det viktig at alle vaksinerar seg.