Fleire tilfelle av stolne identitetar på Snapchat

Identitetstjuveri på Snapchat

HVEM STÅR BAK? Den som eier en profil, kan være en annen enn den du tror. Illustrasjonsfoto: Tarjei Engeset Ofstad 

Politiet i Ørsta/Volda etterforskar fem tilfelle av stolne identitetar på Snapchat.

Det sosiale mediet Snapchat er populært blant både unge og vaksne. Diverre har det ofte blitt brukt som eit verktøy for mobbing, og no òg til identitetstjuveri.

Politiet i Ørsta/Volda har sidan i sommar motteke fem sakar, der det er meldt om at det er oppretta falske profilar på Snapchat. Desse profilene nyttar namn frå folk i lokalsamfunnet. I eitt av tilfella har ein av desse profilane vert nytta til å be ei 15 år gamal jente om nakenbilde.

– På kort tid har vi altså fått fem saker som omhandlar identitetstjuveri, noko som er klart straffbart. Ekstra skjerpande er det dersom identitetstjuven bruker den falske profilen til å framlegge truslar, eller som vi såg døme på i den siste saka vi fekk på bordet – seksualisert åtferd overfor ein mindreårig, seier politioverbetjent Pål Inge Olsen til Regionavisa.

Lett å finne

Sjølv om den som står bak den falske profilen skulle slette den, er det ein enkel sak for politiet å finne den som står bak, og Olsen undrar seg over kvifor nokon i det heile tatt tek risken ved å gjere noko slikt. 

– Det er lett for våre folk å spore dei opp, seier han til avisa.

I 2016 vart ein student ved Høgskulen i Volda utsett for drapstruslar på den «anonyme» sosiale appen «Jodel». Sjølv om avsendaren var anonym i sjølve appen, var det inga problem for politiet å spore han opp via ip-adressa han nytta. 

Nærnett

Les flere artikler fra Nærnett.