Ikkje-kristne og gravferd

Raus: Kyrkjeverje Jostein Stråbø syntes det er viktig at det er plass til alle på kyrkjegarden. 

Rekordmange meldte seg ut av kyrkja i fjor, etter at det vart mogeleg å gjere det elektronisk. Men kan heidningar ha ei kristeleg gravferd?

Høyr kor folket på gata i Volda trur at dei ikkje-kristne vert gravlagd i lydfila under:


Svaret er at det ikkje er spesielle gravplassar for ikkje-kristne. Dei ligg på offentlege gravplassar. I Noreg har alle krav på grav.

Rause

Kyrkjeverje ved Volda kyrkjekontor, Jostein Stråbø, meiner det er viktig at alle har rett på gravplass.

– Er me ikkje rause, spør han og ler.  

Han fortel at dei har gått meir vekk frå å kalle det kyrkjegard, og heller brukar ordet gravplass om området rundt kyrkja der folk ligg under jorda.

Utmeldingar

Til no i 2017 har 585 personar i Møre og Romsdal meldt seg ut av Den norske kyrkje. I heile 2016 melde 1690 personar frå Møre bispedømme seg ut.

Stråbø fortel at han opplev at det er enklast å gravlegge folk som har ei tilhøyrsle til noko.

– Det kan vere vanskeleg for familien til avdøydde, dersom personen ikkje har noko trusretning, meiner han.

I det legg han at familien då kanskje ikkje veit korleis avdøydde ville ha gjennomført si gravferd.