Volda Videregående får ikkje ny linje

Den planlagde linja ved Volda vidaregåande må setjast på is. 

Nernett fortalde i forrige veke om Volda vidaregåande skule som utarbeida eit nytt utdanningsprogram for elevane før neste skuleår. No viser det seg at det ikkje blir noko av den planlagde Kunst-, design- og arkitekturlinja, skriv Møre-Nytt på sine heimesider fredag. 

Grunnen til at den studieførebuande linja ikkje dukkar opp til hausten, er at det vart for få søkjarar til ho. Ein måtte ha minst 14 elevar for å få i gong satsinga, og då heldt det ikkje med tre elevar som søkte om plass. Likevel skal Volda v.g.s. prøve å starte opp utdanningsprogrammet til neste år.

 

Nærnett

Les flere artikler fra Nærnett.