Gledelege trafikktal for Møre og Romsdal

Ingen omkom i trafikken

Medan resten av landet hadde ei fordobling i antal omkomne i trafikken, hadde Møre og Romsdal ingen dødsfall i dei to første månadane i 2020. FOTO: Jonas Otneim

Nye tal viser at ingen omkom i trafikken i januar og februar i Møre og Romsdal. Dette er ein nedgang frå i fjor, der tre var omkomne i same periode. Medan det har vore ei dobling av dødstal i resten av landet.

I ei pressemelding frå Trygg Trafikk kom det fram at ingen i Møre og Romsdal omkom i trafikken i årets to første månadar. I resten av landet er det 18 omkomne i trafikken i same månadar, det er ei auke på ni frå same perioder i fjor - ei fordobling. Regionleiar Per Gjerde i Trygg Trafikk Møre og Romsdal er nøgd med tala frå fylket.  

–Dette er kjempebra. Det er jo dette vi jobbar for, men vi skulle gjerne sett ei forbetring på nasjonalt nivå, i motsetnad til ei forverring som dette, seier han. 

Dobling av dødsfall nasjonalt

Regionleiar Per Gjerde er tilfreds med dei lokale tala, men skulle ønske det såg betre ut nasjonalt. FOTO: privat 

Om doblinga av dødsfall seier regionleiaren at det er mange tilfeldigheiter, men utelet ikkje at årsaken kan også skuldast det dårlege vêret. 

Dei andre fylka som delar null-statistikken saman med Møre og Romsdal er kystfylka Vestland og Agder. 

–Det er vanskeleg å seie akkurat årsaken no på kort sikt, men det har vore lite snø og lite glatte vegar nær kysten i år. Dette kan også forårsake få trafikkuhell, seier Gjerde. 

Ti har mista livet i trafikken i februar i år. Dette gjer februar i år til den verste starten på trafikkåret sidan 2016.