Innbrot i bil i Volda

Overvakingskamera Volda sentrum

Foto: Facebook

To personar brot seg inn i ein bil i Volda i natt.

Innbrotet fann stad i Volda sentrum natt til tysdag på ein parkeringsplass. Hendinga vart fanga av eit overvakingskamera.

Kom på sykkel

Eigaren av bilen, Asbjørn Humberset, publiserte videoen på Facebook. Der ser ein at to personar kjem mot bilen på sykklar. Dei kjenner etter nøklar på alle fire hjula til bilen, men oppdagar så at bilen er ulåst. Så romsterer dei rundt i bilen.

- Heldigvis var dette ein varebil det ikkje var så nøye med. Dei andre bilane var låst, seier Humberset til Nærnett. Han har ikkje oppdaga at noko manglar frå bilen endå.

Kan ha vore profesjonelle tjuvar

Humberset skjønte at noko hadde skjedd då dørene på varbilen stod opne i dag tidleg. Då sjekka han overvakingskameraet og såg at tjuveriforsøket var fanga på film. Han fortel at det såg ut som at dei to personane visste kva dei dreiv med og trur at dei kan ha vore profesjonelle innbrotstjuvar.