Nynorsksenteret bekymra for Ipad-bruk i skulen

På Øyra skule i Volda blir bøkene lagt til side ig Ipaden tatt fram. Volda kommune ser mangen fordelar med dette. Foto: Kyrre Fitje

Volda kommune gir Ipad til alle elevar i grunnskulen. Nynorsksenteret rådar imot ei så storstilt satsing før nettbretta tilbyr fleire læremidlar på nynorsk.

Skuleåret 2017-18 har alle elevane i grunnskulen i Volda fått utdelt Ipadar som ein del av undervisninga. Ipaden er avhengig av appar for å gi elevane undervisningsmateriell, men svært få av appane på nettbretta har nynorsk som hovudspråk. Arild Torvund Olsen frå Nynorsksenteret ved Høgskulen i Volda åtvarar no nynorsk-kommunar mot å ta i bruk Ipad i så stor grad, før tilbodet blir betre.

– Mangelen på nynorsk undervisningsmateriell i form av appar er bekymringsverdig, Ipad er ei stor investering for kommunen og dei bør vente på eit betre tilbod enn det vi si ser i dag.

Torvund Olsen meiner at regelverket ikkje er godt nok. Dagens regelverk seier at nynorsk-skuler skal tilby nynorske læremiddel. Problemet ligg i om nettbretta skal definerast som læremiddel eller tilleggsressursar. Tilleggsressursar går ikkje under same regelverk, og det blir dermed opp til kvar enkelt skule å definere kvar grensa skal gå.

– Det er naudsynt med ei klårgjering og innstramming av regelverket, slik at det blir tilpassa undervisningssituasjonen som er i skulen i dag, der dei store læreverka speler ei mindre rolle enn før, fortell Torvund Olsen.

Regelverket fører til at kommunane manglar marknadsmakt nok til å påverke apputviklarane til å prioritere nynorsken. Dette gjer at kommunane kjem tapande ut og må ta til takke med det dei får.

Kva må kommunane gjere for å marknadsmakt?

– Reglane må endrast. I tillegg det bør nynorsk-kommunane gå ilag for å få meir marknadsmakt. Då står dei sterkare og kan påverke apputviklarane til å produsere nynorsk-appar til Ipaden.

Ørsta bruker laptop

Ørsta-skulen på si side meiner dei har funne ei løysing på problemet. Dei brukar nemleg Chromebook og ei nettbasert plattform utvikla av Google. Kirsti Øy Driveklepp er seksjonsleiar i Ørsta-skulen og utdjupar fordelane med berbar PC..

– Med dette tilbodet er ein ikkje avhengig av læringsappar, slik som ein kan vere med nettbrett. Nettbaserte ordlister er lette å nå, og Google har vanleg retteprogram, sjølv om nynorsk-ordlista kunne vore betre, fortell Driveklepp.

Betre verkty for nynorsk er ikkje den einaste grunnen til at Ørsta har satsa på berbare datamaskiner. Driveklepp nemnar grunnar som datasikkerheit og at elevane skal ha same plattform gjennom heile skuleløpet.

Digitaliseringa av Ørsta-skulen har pågått sidan 2011. Dei har sett på utviklinga i større kommunar som Trondheim og Stavanger, og samarbeid tett med Randaberg, ein kommune på størrelse med Ørsta. Dei har også i perioden brukt pilotprosjekt i store klassar både på småskulen og mellomtrinnet. Dette har gitt dei innsikt i fordelane og ulempene med ulike løysingar.

– Vi vurderte også om vi skulle ha Ipad på dei lågaste trinna og ser at det er mange gode appar som kunne vore til nytte i spesialundervisninga. Men Android-plattforma er no også tilgjengeleg for Chromebook, så vi kan få tak i mange pedagogiske appar der om vi ynskjer og har råd til lisensen, seier Driveklepp.

– Til no har vi ikkje hatt behov for appar, sidan der finst mange gode nettbaserte verkty. Vi er også overtydde om at nettbaserte applikasjonar er vegen å gå. Når det er sagt, er det mange vegar til målet. Tida vil vise kva som fungerer best.

Lærar positiv

Kontaktlærar på Øyra skule i Volda, Yvonne Rønning, meiner at Ipad kan ha mange fordelar.

– Elevar som slit i skulen tener stort på Ipaden. Då kan eg tilpasse undervisningsplanen slik at dei kan få utbytte av læringa utan å bli tatt ut av klasserommet og inn på eit grupperom. Samtidig ser vi at Ipaden grip merksemda på ein heilt anna måte enn papir og bøker. Ikkje berre for dei som slit, men for alle elevane, seier Rønning. Ho legg likevel til at somme foreldre er bekymra for nynorsktilbodet.

Volda kommune ser fleire fordelar 

Oppvekstsjef i Volda kommune, Per Ivar Kongsvik, seier seg einig med Rønning.

– Ipaden er eit godt hjelpemiddel for alle elevane, både dei som slit og andre. Dette er svært viktig for oss i Volda. Alle skal finne sin plass på skulen, seier Kongsvik, som grunngir valet av Ipad med ei heilhetsvurdering

– Det handlar om tilgang til undervisningsmateriale, brukarvennlegheit, læringsutbytte for alle elevane og den samla prisen på tilbodet.

– Kva tenker du om kritikken frå Nynorsksenteret?

– Nynorsk er viktig for Volda, men vi kan ikkje vente på den perfekte løysninga. Då vert vi leitande for alltid. Digitaliseringa av det norske samfunnet er i gang, enten ein vil det eller ikkje. Vi i Voldaskulen har altså tatt ei avgjer basert på fleire faktorar.

– Stiller dykk konkrete krav til utviklerane?

– Vi er medlem av Landslaget for nynorskkommunar, saman kunne vi kunne absolutt satt dette på dagsorden, det kan eg vere einig i. Men det handlar om vår eigen kapasitet og marknadsmakt.

Han understreker at Volda kommune held seg innanfor lov og forskrift, slik lova er no.

– Appane i bruk i Voldaskulen no er i all hovudsak å sjå på som eit rammeverk, der all bruk vert styrt av lærar og elev, som skriv og les på eiga målform. Teksten i appane som er på bokmål, utgjer ein så liten del at vi meiner at det held seg innanfor lov og forskrift.

– Ørsta har valgt laptop, fordi blant anna tilgang på nynorskressursar er betre?

– Vår samla vurdering seier at Ipaden er best for våre elevar. Det er blant anna viktig for oss at elevane skal ha eit «personleg» forhold til Ipaden, det betyr at dei kan ha med brettet heim frå skulen, gjer lekser på det og kommunisera med lærar gjennom det. Det kan ein ikkje i same grad med laptopane, det blir vanskelig for ein elev i 2. klasse og ha med seg ein tung datamaskin heim kvar dag.