– Den kjekkaste dagen i veka, er kampdag!

Kampdag med Froskeberget

SKIL SEG UT: Supportergjengen, Froskeberget, er vanskeleg å ikkje få auge på om du er på heimekamp med Volda-damene. (Foto: Stine S. Ødegård)

Onsdag, 11.september. Volda Handball spelar heimekamp mot Tertnes, 3.runde i Norgesmeisterskapet. Fast inventar, og ein gjeng som aldri skuffar, er Froskeberget- Supporter-gjengen til heimelaget.
 

Klokka slår 17.00. Ein time til kamp i Voldahallen, og folk har for lengst starta førebuingane. Kaffi og svele står på bord. Sekreteriatet er rigga opp. Dommarar, trenarapparat og spelarar vandrar rundt på bana, før dei gjer seg klar til å varme opp.

I tillegg er førstemann i signal-oransje trøje på plass. Det er Karl Johan Haanes, leiar for supportergjengen til Volda Handball. Han verkar roleg, enno.

– Svele og kaffi må alltid til, smilar han.

Han presiserer at provianten er heilt nødvendig, når det er kampdag. Han sèt seg ned, og tar eit jafs av svela.

Korleis starta Froskeberget opp?

– Det var vel min idè, då me starta opp for 3-4 sesongar sidan. Eg tenkte; Me må jo ha ein supporterklubb.

ENGASJERT: Karl Johan Haanes er alltid på plass, når Volda-damene spelar heimekamp. (Foto: Stine S. Ødegård)

Namnet ”Froskeberget” stammar frå Volda sitt tidlegare herrelag, som før i tida blei kalla «Froskane».

Haanes riggar vidare. Han sèt på plass ein benk, som supportergjengen skal nytta seg av under time-out i kampen. Det er dog den einaste pausen dei får, då dei mesteparten av tida står.

– Me brukar å stå heile kampen, og lagar liv når jentene er i angrep. Når dei er i forsvar, må dei konsentrere seg, og då held me munn. Kanskje me «hoiar» litt om motstandaren bryt nokre reglar, humrar han.

Har du vore på Volda-kamp, kan du ikkje ha latt ver å få med deg gjengen i oransje. 

Dei har sin faste plass, midt i sentrum av tribunen i hallen. Bak dei heng det ein banner, der det står «Froskeberget» og er pryda med eit bilete av to froskar.

– Dei froskane er faktisk teikna på fri hand av sonen min, seier han og peikar.

SONEN HAR ILLUSTRERT: Haanes Jr. teikna froskane som prydar banneren til supportergjengen. (Foto: Stine S. Ødegård)

Haanes og familien er godt engasjert i handballmiljøet. Illustratøren og sonen spelar handball, ste-dattera spela tidlegare på Volda, og kona sit i sekreteriatet.

– Det er jo ein veldig fin hobby å ha, i alle fall når familien er samla om den. Kona og eg drar alltid saman på kamp, av og til på borteturane om me tar oss råd, legg han til.

Ein halvtime til kamp. 30 minutt før det brakar laus. Haanes sit ikkje stille før kampen heller. Han vandrar litt rundt, snakkar med andre tilskodarar og prøvar å roa nervene. Plutseleg får han for seg at han skal springa. Han gir gass, og spring bort til Volda sin nummer 1, nemleg keeperen Hilde Søyseth. Han spring med same energi tilbake, og utdjupar:

– Det er eit fast rituale me har. Me tar ein high-five, så ein klem, og til sist seier eg «steng buret». Ho seier at det er viktig i sine førebuingar til kamp, smilar han.

AC/DC sin «Thunderstruck» blir spelt og då er tromma i gong. Den smell ut i heile hallen, og er eit teikn på at alvoret nærmer seg. Klokka visar ti minutt til avkast. Etter å ha varma opp tromma, skal den verkeleg få køyre seg når laga spring ut til stor jubel frå dei tilmøtte.

Klokka visar kampstart, og Froskeberget gir gass. «VOLDA! VOLDA! VOLDA!», lyder det og kampen er i gong.

Froskeberget skuffar ikkje i dag heller, då dei lagar liv på tribuna frå start til slutt i kampen. Oppgjeret endar med eit ni-målstap for Eliteserie-klubben, Tertnes.

– Kampen gjekk litt som forventa, eigentleg. Tertnes spelar på eit anna nivå enn oss, så det skulle noko ekstraordinært til for at me skulle ha fått noko ut av kampen, er dommen frå supportersjefen.

Kampen er over, men for heia-gjengen er det ikkje lenge til neste kamp, som berre er om nokre dagar. Då stiller dei med nytt giv og klare for å hjelpa Volda-damene, i kampen for siger.

– Då er det berre å kome seg heim og spise middag. Det blir fort travle dagar, når det er handballkamp, så det er ikkje alltid ein har tid til å eta middag. No skal eg heim, slappe av og lade opp til ny kamp om ikkje så altfor lenge. Den kjekkaste dagen i veka, er jo kampdag, smilar han og vandrar heimover.