Formannskapet vart begeistra for dei nye Voldaplanane

Kartskisser Volda-tunellen

Nye Volda: Tunnellen som kjem, vil forandre området mellom sjukehuset, Kiwi og høgskulen. 

Volda kan få det ein kan kalle ein ny bydel, i samband med stortunnellen. 

Volda får omtrent ein ny bydel, skal vi tru det representantene for Statens vegvesen sa under formannskapsmøtet 2. oktober. 

Formannskapet var imponert over kartskissene som Astrid Stavseng og Jonas Misund fra vegvesenet la fram. Det vart einstemmig vedtatt å gå vidare i arbeidet, med disse skissene som grunnlag.

En særs viktig detalj er at innhogget til tunnellen, altså der han trenger inn i fjellet, kjem lenger fram enn i tidlegare skisser.  Det gjer at enkelte innbyggjarar i Sjukehusvegen no kan ta eit lettelsens sukk. 

TO TUNNELLØP: Odd Arne Folkestad (Frp) stilte fleire spørsmål knytta til kostnadar, og lurte på om det ikkje var betre å berre sprenge berre ein inngang, framfor to, i byggefase 1. Dette vart grundig tilbakevist av vegvesenet: å bygge begge i same slengen er det mest praktiske, økonomiske på lang sikt, og belastar nærområda mindre. ALLE KART: Statens vegvesen.  

Ein annan diskusjon var om vi skal ha eigne sykkelfelt i Volda, eller ei. Formannskapet var i stor grad samde i at  sambruksfelt er godt nok. Altså skal dei  gåande og syklande dele felta.  

Formannskapet disukterte også ny trasé i elvadalen, i hamnegata. Dei gjekk bort ifrå planane om trasé som ville skapt problem for I Saksa frisør, og Humberset bilverksted.

– Mange av gangvegane ligg allereie nære private eigedomar, kor mykje kan dei bli utvida, spurte Dan Helge Bjørneset (H). 

Kan kome super-urban stjerneforma gang- og sykkelbru 

Sjå på biletet under. Dette kan faktisk bli ein realitet.  

TO PLAN: Tunnellopninga i Volda blir byprega og firkanta. Der Tunnellen kjem ut, på Furene, skal opninga vere rund og meir landskapsnær.  

Der Kiwi ligg i dag, er det planar om bustader og næringsbygg. Det opne, grøne arealet nede til høgre for rundkjøringa, vil måtte bli ofra for det nye prosjektet. 

MED VILTOVERGANG: Furene er eit sentralt trekkområde for hjorten, til og frå «øyane». På kartet ser vi viltovergang over E39. Det blir også sett opp gjerder som skal halde lede hjorten vekk frå vegen og til «hjortebrua». 

Der vil også mellombels veg gå, medan infrastrukturen blir ferdigsstilla. Det vil bli slik: 

MELLOMBELS: Omkjøringa blir relativt kort. 

Prosjektet skal realiseres i siste halvdel av Nasjonal transportplan, kring 2024.  

Totalt ligg kostnadsramma totalt, for begge byggetrinn på ein milliard åttehundre og femten millionar kroner (1815000000). Feilmarginene blir anslått til å vere +/- ti prosent.

Tarjei Engeset Ofstad

Tarjei Engeset Ofstad

Les flere artikler fra Tarjei Engeset Ofstad.

Journalistikkstudent ved Høgskulen i Volda. Særleg interessert i sakar som verdrører både næringsliv og natur- og miljøvern, samstundes.