Håpar på publikumsvekst med nyrenovert kinosal

Kino

SLITTE STOLAR: Kinosalen på Ørsta Kulturhus får ei etterlengta oppussing denne sommaren.                    Foto: Marita Solheim

24.april stengjer kinoen på Ørsta Kulturhus dørene for å pusse opp. Kinosalen skal totalrenoverast. Planen er å vere ferdig 1.september.

Før oppussinga tek til håpar dei tilsette ved kinoen på gode besøkstal i påska. I 2016 var det totalt 26.000 besøkande gjennom heile året. Med renovering på planen vil dei ikkje få like gode tal i år, men det vil nok gje besøkstala eit lite løft neste år.

– Målet for 2018 er å få 30.000 besøkande, fortel kulturhus- og kinosjef Janne M.G. Skarstein. Ho legg til at dei har potensiale til å nå det målet, på grunn av eit godt og trufast publikum i bygda.

Lokal møbelprodusent

Ørsta Kulturhus vart bygd i 1978. Stolane i salen er over 20 år gamle, og har gjort si nytte. Kollega Terje Koppen fortel at dei har venta i årevis på denne oppussinga, og er glad for at politikarane endeleg har gjort vedtak om fornying av kinosalen.

– Vi får heilt nye stolar, nytt golvbelegg og nye høgtalarar, fortel han engasjert.
Stolane er levert frå den lokale møbelprodusenten Fora Form, som kulturhuset
har hatt eit nært samarbeid med tidlegare.

– Det er ikkje sesong for store kulturarrangement, hevdar Skarstein. Det er ei ideell tid for renovering. Kinopublikummet i Ørsta må ta turen til Volda Filmteater eller Sjøborg Kulturhus og Kino dersom dei ynskjer å gå på kino i denne perioden.

Storslått avslutning

Siste helga før oppussinga tek til, vil Ørsta Kulturhus arrangere ei «superhelg» med mellom anna førpremiere på filmen «Richard Storken» som har nynorsk tekst. Dei vil dessutan ha ein del rabattar i kiosken til kinopublikummet.

Påskepublikum

– Vi har generelt gode besøkstal i påska, fortel Skarstein. Ho legg til at vêret ikkje har så mykje å bety for besøkstalet i denne høgtida.

– Folk treng eit lite avbrekk frå sol og skiturar. Mange vel kino, meiner ho.
Linn Barholt i CAPA Kinoreklame kan bekrefte at påska leverer gode besøkstal på landsbasis. I fjor var besøkstalet på heile 459 426 i påskeferien.

PÅ PÅSKEPROGRAMMET: Barnefilmen Gråtass er ein av filmane du kan sjå på kino denne påska.                                                                                                       Foto: Marita Solheim

Koppen fortel at dei har flest besøkande i aldersgruppa 12-25 år. 
– Dei mest populære sjangrane er action og komedie, seier Koppen. I påska er det mange tilreisande som går på kino og store familiar samlast. Det fører gjerne til fleire besøk på familiefilmane.

Linn Barholt - CAPA Kinoreklame

Animasjonsfilmen «Smurfene» er ein av familiefilmane mange gledar seg til denne påska. Skarstein trur likevel at actionfilmen «Fast & Furious 8» får størst publikum. Barholt spår også film nummer åtte i den populære serien som den store besøksvinnaren denne påska.

Bølgen sette besøksrekord

– «Bølgen» frå 2015 var vår mest sette film nokon sinne. Då hadde vi litt over 4500 besøkande, fortel Skarstein. Filmen slo til
og med rekorden til Titanic frå 90-talet.
Dette året har «Beauty and the Beast»
hatt best besøkstal så langt med mellom 800 og 900 selde billettar.

– Vi har ei målsetting om å oppretthalde eit godt og variert kinoprogram for publikum med høg kvalitet og god lyd. Film er trass alt best på kino, fastslår Barholt.