Protesterar mot behandlinga av enslige mindreårige

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth

Lea Sofie Westad, Jenny Sætre, Silje Reiakvam og Espen Stadsnes arrangerte filmkveld på Høgskulen i Volda Foto: Hans Ivar Kolseth

Press Volda køyrer i vår ein kampanje for enslige mindreårige flyktningar. Dei meiner at utryggheten ungdommane føler pågrunn av midlertidig opphold er lovstridig.

– Mange mindreårige flyktningar blir sendt ut den dagen dei fyller 18. Ein av dei beste dagane i livet, blir for dei, ein av dei verste. Det psykiske stresset norske myndigheiter utsetter dei for, ved å gi dei midlertidig opphold, er i strid med barnekonvensjonen til FN, seier leiar i Volda press, Silje Aarset Reiakvam.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth
Silje Aarset Reiakvam. Foto: Hans Ivar Moss Kolseth

Protestbursdag

Organisasjonen arrangerar den 5. April eit "bursdagselskap" for å markere motstand mot utsending av enslige asylsøkere, den dagen dei fylle 18.

– I 2016 fik 316 barn midlertidig opphaldsløyve. Dette setter livet til borna på pause, og denne typen opphaldsløyve er i strid med FN sin barnekonvensjon, seier Reiakvam.

Høgaktuell film

"De andre" er laga av Margreth Olin fra Stranda, og vant Amandaprisen for beste dokumentar i 2013. Filmen er forsatt aktuell i den norske integreringsdebatten. 

  • Einslige mindreårige asylsøkerar er barn under 18 år som søkjer asyl i Noreg utan foreldre eller andre som tar vare på dei.
  •  Mange av dei slit med traumer, som følgje av å ha vekse opp i krigsområder.

Kilde: 
Norsk organisasjon for asylsøkere, NOAS
NDLA