Kan verte ny tørkerekord på Sunnmøre

Knusktørt på Sæbø

TØRR SEPTEMBER: Det har vore mykje fint vêr på Sunnmøre i det siste. No går det mot ny tørkerekord. Foto: Even Ørjasæter

Har aldri vore så tørt i september.

September er gjerne ein månad vi knyter saman med regn og storm. No meldar derimot Meteorologisk institutt at det går mot tørkerekord fleire stader i landet.

Slik det ser ut no, kan vi få tørkerekordar for september frå Sæbø til Tromsø. Ifølgje tal som dei presenterer på Twitter, har det så langt i år kome 41,4 millimeter nedbør på målestasjonen på Sæbø.

Rekorden for tørraste september, frå 1996, er på 47,8 millimeter. Då vêrvarselet ikkje melder om noko nedbør resten av månaden, ser det ut til at den rekorden ikkje vert verande.