Kommentar: Fisken tilhøyrar folket!

kommentar: fisk til folket

Illustrasjon: Mia Becker

Spørsmålet «kva skal vi leve av etter oljen» har blitt ein klisjé, noko som berre underbyggar kor viktig spørsmålet er. Det handlar ikkje om natur og miljø på eine sida og næringsliv på den andre, for på lang sikt er dette same sak. Eit blanda kor av næringslivsfolk, miljøvernarar og politikarar er einige i at «vi må satse på moglegheitene havet gir, det er der framtida ligg for Norge». Blant visjonar, idear og store ord om det havet skal gi, er det viktig å halde tunga, for ikkje å seie torsketunga, rett i munnen. Dei evigvarande fiskeriressursane vi allereie nyttar, går ikkje tomme, skapar ikkje klimaendringar, og er sjeldan utsett for brå prisfall.

Denne kommentaren kunne ha handla om Mørebankane utanfor kysten vår, eit av verdas viktigaste gyteområder. Vern av Mørebankane er sak nummer ein for fiskarane på Sunnmøre. At seismikkskyting og gyting er ein særs dårleg dans, det har både fiskarane og alle andre som er ørlite grann interessert i naturvern for lengst skjønt. Det har blitt så medstraums å uttale seg om Lofoten og Mørebankane, at eg heller vil skrive om noko som gøymer seg under den politiske overflata: at fiskeressursane, som skal vere ein nasjonal, økonomisk grunnpilar, er i ferd med å hamna på stadig færre hender.

For å forstå saken, kan vi fiske ut det essensielle i partiprogramma: Både Arbeidarpartiet, Venstre, Miljøpartiet Dei Grøne, Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti og Raudt, er alle tydelege på at fisken i havet tilhøyrar fellesskapet, og skal kome folket til gode. MDG, Ap, Sp og SV ønsker å grunnlovsfeste dette konkret. Høyre ønsker å gi fiskeindustrien «meir fleksibilitet» – sagt på ein annan måte: færre reguleringar. Frp vil ha omsettelige kvoter og ønsker ikkje leveringsplikt.

Talet på fiskefartøy sank frå 17.400 til 6.100 mellom 1990 og 2015. Talet på rekruttar i fisket har søkke med 80 prosent frå 1990 til 2010. Det er nesten til botns det. Havressurslova seier at fisken tilhøyrar folket, og at vi skal ha sysselsetting og busetting i kystsamfunna. Likevel har kjøp og sal av kvoter blitt så vanleg, at vi nærmar oss ein sedvanerettsleg infeksjon.

Raudt opplyser i sitt partiprogram om at trålarane har dispensasjon frå deltakarlova, og meiner det er på tide at denne blir inndratt. Deltakarlova stiller krav om at den som eig fiskekvota faktisk driv med fiske. Då dispensasjonen vart gitt, hadde trålarane plikt til å levere til lokale fiskemottak, det har dei ikkje lenger (!).

«Havgående trålere var opprinnelig ansett som eneste alternativ som kunne sikre hel-årige leveranser til fiskeindustrien. I dag vil større kystfiskefartøy kunne gjøre samme jobben». Det skreiv landets fremste ekspert på fiskerirett, Peter Ørebech i eit lesarinnlegg i Dagsavisen 7. juni 2017. Nokon trur at trålarane skapar større verdiar enn kystfiskarane. Sjølv om trålarane er effektive, er konklusjonen deira feil, og Ørebechs synspunkt riktig. Medan trålarane ofte leverar frossen fisk, leverar dei kystnære båtane ferskvare. Det gir flest kroner per kilo fisk, og langt høgare sysselsetting.

Poetar og politikarar har gjerne lite til felles, men ein ting er likt hos dei: havet er eit ynda tema. Hadde eg vore fiskar, ville eg styrt unna Arbeidarpartiet fordi dei er for oljekåte, og kasta Høgre og Frp på sjøen.

Tarjei Engeset Ofstad

Tarjei Engeset Ofstad

Les flere artikler fra Tarjei Engeset Ofstad.

Journalistikkstudent ved Høgskulen i Volda. Særleg interessert i sakar som berørar både næringsliv og natur- og miljøvern samstundes.