Kommentar:
Snikande høgtidsvarer

Kommentar: Snikande høgtidsvarer

Julevarene er allereie komne i butikk. Litt for tidleg, meiner vår kommentator. Illustrasjonsfoto: Wikimedia Commons

Eg var ein tur innom Rema 1000 her om dagen, då eg la merke til at julemennene var komne i butikk. «Det er då ikkje jul enno,» tenkte eg, før eg la merke til teksten på innpakninga; «Kakemenn». Då eg vaks opp heitte det julemenn, så kva er det med dette namnebytet?

Eg føler meg ganske sikker på at det er noko lureri på ferde her. Men sjølv om enkelte no sikkert gjerne vil skrike ut om «snikislamisering», trur eg ikkje våre nye landsmenn har skulda for dette. Om ein skal trekke bibelske parallellar, trur eg heller «Mammon» er ein større skuldnar akkurat her. Ved å skifte namn frå «julemenn» til «kakemenn» kan bakarane selje meir av varene sine, og slik tene enno meir pengar på at du og eg er slike søtmonsar. Dette gjeld ikkje berre julemenn heller, då julebrusa og julemarsipanen allereie er i butikk, dog utan namneskifte. Varene skal helst ut to-tre månader før gjeldande høgtid.

Dette gjeld ikkje berre for julevarer, då påskevarene også gjerne er i butikken lenge før sjølve høgtida. Påske i april? Det gjer ingenting, for Freia sine påskeegg får du i slutten av februar. Og det verkar som dei kjem tidlegare og tidlegare. Det skulle ikkje forundre meg om ein fekk kjøpt påskeegg i desember og julemarsipan i april om nokre år, sjølv om ein allereie no kan argumentere for at påskemarsipanen berre er julemarsipan frå restlageret til Nidar, berre med ny innpakning. 

Om det skulle skje, hadde det vore synd. Ikkje berre på vegne av høgtidene, men òg på vegne av folkehelsa. Noko av det beste med både jul og påske, utanom kvalitetstid med familie sjølvsagt, er jo det faktum at ein kan skeie ut litt. At ein kan hive innpå med litt for mykje av det som elles blir sett på som dårleg for helsa. Om det skulle verte slik resten av året òg, trur eg vi heller må snakke om «amerikanske» enn «svenske» tilstandar her i landet. Det er tross alt mogleg med for mykje av det gode.