Volda leiar med over 50 røyster  

Kommunenamnet Volda ligg førebels på topp

Illustrasjonsfoto av Volda. 

Kviven er det nest beste alternativet til felles kommunenamn, ifølgje folket. 

Det er avisa Møre som har lagt ut ein gallup kor publikum kan røyste på eitt av fem namn på den nye felleskommunen av Hornindal og Volda. 

For augneblinken er det det kortaste namnet som ligg best an. Hittil har 87 lesarar røysta på namnet Volda.

Med 36 røyster står ikkje andreplassen i fare for namnet Kviven.

Det er få som ynskjer seg eit namn der begge dei noverande kommunane er med. Volda-Hornindal har fått ni røyster og er dermed på bronseplass.

Utanfor den kommunale pallen finn vi alternativa Hornindal (seks røyster) og Hornindal-Volda (éi røyst).

Ni personar har kryssa av på kolonna "Bryr meg ikkje".    

Nærnett

Les flere artikler fra Nærnett.