Plast er ikkje fantastisk

Kongen på søppelhaugen

FOR DÅRLEG: Bebuarane ved studentbustadane har ikkje noko anna val enn å hiva plast i restavfallet. Video: Jørgen Wear

Ein fullstappa kveld på Rokken kan det bli brukt omlag 2000 plastglas.
– Me sortera ikkje plast. Det har aldri vore eit tema for oss, seier Åge Staurset, dagleg leiar på studenthuset. 

Studentsamskipnaden driv Rokken, kantina på Høgskulen og dei 419 studentbustadane i Volda. Samanlagt produsera samskipnaden mykje avfall. Berre i fjor vart det henta inn omlag 42 tonn restavfall hos Studentsamskipnaden. Samskipnaden skil seg ut i Volda som det einaste store føretaket som vel å ikkje sortera plast. All plasten deira går i restavfallet.

Rockar ikkje sorteringa

Om du er på Rokken og drikk, vert plastglasa kasta med ein gong dei er tomme. Dette betyr at for kvar nye øl eller brus, vert det og henta fram eit heilt nytt plastglas. I løpet av eit år kan Rokken kasta opp mot 200.000 plastglas.

Dagleg leiar for Studenthuset Rokken, Åge Staurset. Foto: Ingrid Heltne

– Slike plastglas som Rokken serverer drikke i, tek 400 år på å brytast ned i naturen. Hadde dei valt pappkoppar, kan dette brytast ned på så lite som 5-6 månadar, seier Maren Esmark, generalsækreter for Naturvernforbundet.

– Det er vel eigentleg ikkje ein grunn til at me ikkje sortera plast, men me har aldri teke stilling til det. Det har aldri vore eit tema for oss å sortera plast. Eg meiner det ikkje hadde vore noko problem for oss å få til plastsortering. Me skulle gjerne resirkulert meir, men me gjer så godt me kan med det me har no. Om me hadde fått eit krav frå Studentsamskipnaden, hadde me nok teke stilling til det, seier Rokkenleiar Åge Staurset.

 

Plastisk fantastisk

Samskipnaden driv og kantina i Berte Kanutte. Her finn du både plastbestikk og plastkoppar. Svoltne studentar fyller plastboksane fulle frå salatbaren. I disken ligg bagettar og rundstykke pakka inn i små plastposar. Når du skal kaste bosset ditt, må både plast, papir og matavfall i ein og same dunk.

– Me i kantina følg Høgskulen sine rutiner for søppelhandtering. Plasten går under restavfall, men me har ingen oversikt over kor mykje me brukar årleg, seier Stian Osdal, assisterande kantinesjef. Tidlegare vart det ikkje brukt plastemballasje i kantina. Det er noko dei har starta med dei seinare åra. Osdal meiner det dei brukar av emballasje i kantina er miljøvennlege produkt.

Ingeniør for Drift ved Høgskulen, John Ivar Solvang følgde Næravisa rundt på Høgskulen og viste oss skulen sitt avfallssorteringssystem. Han peika og forklarte korleis Høgskulen handtera bosset.

– Her er restavfall, her er papp. Og der er den containeren som kantina brukar. Der går alt.

– Så der går restavfallet, matavfallet og plasten frå kantina?

– Ja, der går alt!

SYND: Marius Tomren har ikkje noko anna val enn å hiva plasten i restavfallet til Myrane. Foto: Ingrid Heltne

Druknar i plast

Samskipnaden har 419 studentbustadar. Verken Porse, Heltne, Myrane, Røysmarka eller Sybo har klart å ordne dunkar til plastavfall.

– Når eg skal kasta plasten må eg kasta det i restavfalldunken. Eg skulle ynskja det var kjeldesortering til plast. Det er jo nok av plass her. Då eg skulle heim til Molde ein gong, vurderte eg å ta med plasten for å hiva den der. Eg tykkjer det er alt for mykje plast som går i bosset utan at det blir resirkulert, seier lærarstudent Marius Tomren som bur på Myrane.

Studentane har i fleire år sortert papir, glas, metall og restavfall. Men ikkje plast.

Volda Ørsta Reinhaldsselskap (VØR) samla i fjor inn 176 tonn plast frå hushaldingar og bedrifter i Ørsta og Volda. Det var meir enn ei fordobling på to år. Denne innsatsen har samskipnaden ikkje vore med på. Dei heng framleis fast i sine miljøfiendtlege rutinar.

MØTER SEG SJØLV I DØRA: Jan Egset, direktør for Samskipnaden og leiar for representetskapet i VØR. Foto: Petter Sandven/VØR

Dobbeltrolla til Egset

Jan Egset, er direktør i Studentsamskipnaden i Volda. I 2015 vart han og valt av kommunestyret til ny leiar i representantskapet i VØR. Næravisa har spurt han kvifor samskipnaden er ein av få føretak som ikkje legg til rette for at deira leigetakarar kan sortera plast.

Slik ser det ut nedi ein av restavfallsconteinarane til Myrane studentbustader. Foto: Ingrid Heltne

– Dei nedgravne oppsamlarane våre har ikkje vore tilrettelagde for plast. Me vurdera no innkjøp av mindre plastsekker som kan leggjast saman med papir og papp. Innkastholet til conteinarane er for lite til at dei store sekkane frå VØR kan kome ned i.

– Kvifor bruker dykk så mykje eingongsemballasje i plast på Rokken og i kantina i Berte Kanutte?

– Det er mange grunnar til det, og det er svært vanleg på uteplassar at ein brukar eingongsglas på arrangement der det er mykje folk. I kantina vert det brukt plast av hygieniske grunnar og til produkt som skal vegast eller takast med ut or kantina. Dagleg leiar jobbar med ei løysing no for sortering av eingongsglas, men tilbakemeldinga frå Retura er at all sortert plastemballasje må vera rein og eventuelt vaskast først, fortel Jan Egset.

Våre undersøkingar syner at samskipnaden enno ikkje har funne noko løysing på korleis dei skal vaska plasten. Dei har heller ikkje funne ut korleis dei skal få avfallsordning for plast for studentbustadane.

Mykje plast og mykje varme

SLIK SKAL DET GJERAST: Ved Volda Omsorgssenter sortera dei riktig. Rein plast går i plastsekker og leggjast saman med den komprimerte pappen deira. Foto: Ingrid Heltne

– Dyr ete plast og døyr av skadane. Det er eit kjempestort problem. Vi produsera plast som berre juling i verda. Kvar skal me gjer av alt?, spør Tore Aarflot redaktør i Møre.

Ved avisa Møre har dei sortert plast i fleire år. Næravisa sine reporterar har fulgt søppelsporet. Me har sjekka containerane og avfallsdunkar ved bedrifter og verksemder i Volda.

Hushaldningane i Volda og Ørsta har no teke miljøansvar. Dette viser tal frå VØR. I 2014 vart berre 74 tonn plast samla inn og resirkulert. I 2016 fekk VØR inn 175 tonn plast som gjekk til gjenvinning. Næravisa sine reporterar stilte seg spørsmålet: er bedrifter og verksemder like gode? Dette fann me:

Desse tek ansvar

Avisa Møre: Tore Aarflot, redaktør i avisa Møre, fulgte oss med inn på lagerrommet til avisa. Når me kjem inn i det ellers kaotiske lagerrommet, stod det oppstilte fullstappa plastsekkar med plastavfall. Ved sida av plastsekkane stod det og ein samla haug med papp og papir som skulle til resirkulering.

– Om me ikkje sortera denne plasten, kjem det til å bli eit stort berg til slutt. Me må vera bevisst på det og ta ansvar. Det gjeld både oss som bedrift og ikkje minst som hushald, fortel Aarflot.

Klesbutikkane: Me var inne i mange av butikkane i sentrum, der driv dei fleste med plastsortering. Dei fleste tilsette i dei ulike butikkane er einige om at det er viktig at me sortera. Butikkmedarbeidar, Josefine Heggen Listou frå Volda Mode fortel at ho meiner plast er eit stort problem.

– Eg syns det er viktig å ta vare på naturen og dyra. Derfor er det viktig at me passa på å sortera avfallet vårt.

Plastkomprimatoren til Coop Mega.

Coop Mega: I butikken syner dagleg leiar oss rundt på lageret, og fortel oss at dei har mykje forskjellege resirkuleringsmoglegheiter. Her viser han oss alt frå farga returplast, klar returplast, el-avfall, til diverse moglegheiter for å komprimere papp og plast.

– Alt vert sortert, men me skulle gjerne ynske at vi kunne sortere matavfallet også. Dei kan komprimere plast og papp og dei sorterer el-avfall og meir ved sidan av, fortel han.

SORTERA: På miljørommet til Høgskulen er det eigne seksjonar for alt som skal resirkulerast. Foto: Ellen Karin Moen

Høgskulen: Me blir vist rundt på eit stort miljørom, der dei sortera alt avfallet. Driftsmedarbeidar viser til dei mange dunkane inne i rommet og forklarer kva som går kvar. Det er dunk for glas og metall, for isopor, for el-avfall og for plast. Utanføre rommet har dei og dunkar for papp og papir, og for restavfall.

Volda Kommune: ved omsorgssenteret i Volda kikka vi rundt i containerane og bossdunkane, her såg det ut som dei hadde gode rutiner for resirkulering. Det var ingen som kunne vise oss rundt i bosset, men det meste låg i separate sekker og det var dunkar for plast, papp, rest, glas og metall. Vi har observert at ved dei fleste skulane har dei gode rutinar for sortering. Rådhuset forklarte på telefon at VØR kjem og henter søpla deira kvar tredje veke. Dei hentar plast, papp og restavfall.

ALT PÅ SIN PLASS: På miljøstasjonen til sjukehuset i Volda, er det tydeleg markert kor ting skal sorterast, og kva som går kor. Foto: Ellen Karin Moen

Sjukehuset: Seksjonsleiar for teknologi og utvikling ved sjukehuset i Volda, Magnulf Gjersdal, møter oss utanføre miljøstasjonen ved sjukehuset i Volda. Inne i rommet viser han oss eit sort miljøanlegg. Her sortera dei alt frå papp og papir, til farleg avfall. Det er plastresirkulering, restavfall, el-avfall og ein eigen frysar til amputasjonsavfall. Volda har det einaste sjukehuset i Møre og Romsdal med eigen miljøstasjon.

 

Desse strauk

LITT AV KVART: I conteinaren til Mork Omsorgssenter finn ein både gamle rullestolar, fotobøker, osb.
Foto: Ingrid Heltne

Mork Rehabiliteringssenter: Då me var på Mork såg vi i conteinaren at det låg både bøker, rullestolar, syklar, plast og hagestolar. Det verka som alt av sortering har blitt nedprioritert. For nokre år sidan bytta Mork-senteret frå Retura til Norsk Gjenvinning, dette medførte ei endring i sorteringssystemet deira. Frå å sortere det meste, inkludert plast, gjekk dei over til å nesten ikkje sortere. Når Nærnett var der fikk me inntrykk av at dei tilsette ikkje var spesielt nøgde med ordninga slik den er i dag, og at dei gjerne ynska å sortere det meste, særleg plast.

Det er Helse Møre og Romsdal som har ansvar for avfallsinnhenting ved heile føretaket sitt. Dei inngår avtalar med renoveringsselskapa, sidan dette er konkurranseutsett. Det har blitt laga ei kontrakt med Norsk Gjenvinning basert på behovet for sortering hos Morksenteret. Leiar Anita Myklebust Nybø vil ikkje kommentera saka, men har fortalt Næravisa at det er Helse Møre og Romsdal som står ansvarleg for behandlinga av avfallet.

ALT I EITT: Hos Rokken går absolutt alt i ein og same bosset. 
Foto: Ingrid Heltne

Studentsamskipnaden i Volda: 
Me observerte at det ikkje vart sortert ved verken studentbustadane, kantina på høgskulen eller Rokken. Dei har hatt moglegheit til å sortere plast i fleire år, men har ikkje gjort det. Det er Retura som henter søpla deira, og dei tek imot alt av plastavfall.

 

Kvifor skal du resirkulera plast?

  • Plast kjem frå råolje.
  • Råolje er ei fossil råvare som kan brukast opp.
  • Ein kilo resirkulert plast sparer to kilo råolje.
  • Plast kan gjenvinnast mange gongar.