Kronikk: Kjære regjering, er vår stemme utan verdi? 

Illustrasjon: Nicholas Noreng

Ungdomspanelet i Møre og Romsdal føler seg oversett av regjeringen. Illustrasjon: Nicholas Noreng/Nærnett

10. mars 2017 la regjeringa fram forslag til eit nytt vedtak i kommunelova. Resultatet av dette var at medverknadsordningane for eldre og personar med funkjsonsnedsetting fortsatt blir lovfesta, medan medverknadsordninga for ungdom framleis vil være frivillig for kommunane.

Foto: Privat

Av Urtė Karanauskaitė og Åse Kristin Bjørneraas Hopen, medlemmar av ungdomspanelet i Møre og Romsdal.

I september 2016 skreiv ungdomspanelet eit høyringssvar til kommunal- og moderniseringsdepartementet. Der understreka vi at vi ønsker at medverknadsorgan for ungdom skal bli likestilt og lovfesta, på lik linje med dei andre rådgivande organa. Fylkesutvalet stilte seg bak dette forslaget og uttrykte si støtte til ungdomspanelet.

I ettertid har det kome fram at fleire politiske organ og utval i andre fylke har sendt inn høyringsforslag der dei formidla det same ønsket. Likevel valte regjeringa å ikkje høyre på desse innspela.

Vi i ungdomspanelet stiller oss uforståande til vedtaket. Vi er svært skuffa over dei vurderingane som er gjort. Vi meiner forslaget signaliserer at ungdom si stemme, ikkje blir tatt like alvorleg som dei andre rådgivande organa.

Ungdom er ei ressurssterk gruppe med klare meiningar, erfaringar og engasjement. Vi er aktive brukarar av kommunale tenester, men er ikkje representert gjennom den ordinære valkanalen. Det er klare aldersgrenser på organ som mellom anna kommunestyre, fylkesting og Storting. Mangelen på politiske arenaer for ungdom avgrensar den reelle medverknaden vår i saker som angår oss og framtida vår. Det er ei utfordring å sørge for at vår gruppe blir høyrd, særleg når det ikkje er lovfesta i kommunen.  

I ungdomshelsestrategien, publisert av regjeringa i 2016, er det klart formulert at ungdomsmedverknad er viktig for vår psykiske helse. «Etableringa av slike organ bidrar til at ungdom i aukande grad blir forstått som aktørar med rett til å delta i demokratiske prosessar»,  står det svart på kvitt i ungdomshelsestrategien. Vi i ungdomspanelet finn det merkverdig at dei verkar å ha gløymd sitt eige råd.

Som ein konsekvens av nedprioriteringa som kjem fram i regjeringa sitt forslag, kan det bli ulik praktisering av denne ordninga. Spesielt i kommunar med dårleg økonomi, kan det føre til at ungdom sin stemme ikkje blir høyrd, og dette heilt lovleg. Enkelte kommunar vil til og med velje å ikkje etablere organ som sikrar ungdom sin medverknad i deira notid og framtid.

I Møre og Romsdal er vi såpass heldige at vi har etablerte medverknadsordningar for ungdom i nesten alle kommunane. Trass i dette, ser vi som ungdomspanel, at praktisering og prioritering varierer i stor grad frå kommune til kommune. Skal det verkeleg vere opp til tilfeldigheiter om din stemme som ungdom blir høyrt?

Nærnett

Les flere artikler fra Nærnett.