Megareksi råkar mange

Eirik Kaland Foto: Hans Ivar Moss Kolseth

Dei fleste gutar har mest fokus på armar og bryst, når dei begynner å trene, seier Eirik Kaland. Foto: Hans Ivar Moss Kolseth

Steroidemisbrukarar sette standarden for #SK17 blant menn på Instagram. Kva gjer det med sjølvbildet vårt?

Ein svært oppblåst musklatur, kombinert med svært lav fettprosent er kjenneteiknet på det mannlige kroppsidealet i 2017. Ein uvinnelig kamp mellom "abs" og "gains", meiner mange. 

– Det er greit at folk er perfeksjonistar, så lenge dei ikkje juksar seg til det med dop, seier Eirik Kaland, som trener på Stamina, i Volda. 

Kosttilskudd: Ballongmusklatur og lav fettprosent kan lettare oppnåast med steroidemisbruk. Foto:@therock

Legg press på trendsettarane

– Reklamebransjen beskriver idealmannen, som muskuløs og slank. Mange gutar passar ikkje inn i sterotypen, og føler seg derfor utilpass med eigen kropp, seier Espen Stadsnes i Volda Press. 

Espen Stadsnes foto Hans Ivar Moss Kolseth nærnett
Fleire gutar følar på kroppspresset sei Espen Stadsnes. Foto: Hans Ivar Moss Kolseth

Fleire bedrifter fikk i fjor haust passet sitt påskreve i "Gullbarbie" kampanjen deira. Verstingane var ifølge Stadsnes, "Brun og blid", Gymgrossisten og Dagbladet. 

Er kroppspresset like stort på gutar?

– Eg trur ikkje at problema viser igjen på same måte hjå gutar. Om ein tar kroppspresset til seg, er individuelt, men eg trur at mange kjenner veldig på det, seier Stadsnes.

Les del to om kroppspress her!

Megareksi

Det motsatte av anoreksi.

Sjukelig fokus på større muskelmasse og styrke.

Rammar særlig yngre menn.

Ein vanlig årsak til steroidebruk.

Kjelde: Lommelegen og wikipedia.