Ivan Dujmusic visste ikkje at han er tildelt 80.000 kroner

To kunstnarar frå Søre Sunnmøre får stipend

Overraska: – Skal vi feire med ein øl på treet, spør Ivan Dujmusic og ler. 

To kunstnarar frå Søre Sunnmøre får til saman 130.000 kroner.  Volda-kunstnaren Ivan Dujmusic trudde nesten ikkje det han høyrte, då Nærnett opplyste han om tildelinga.

– Eg har ikkje fått beskjed før no. Det kjenst som å vinne i lotto, seier ein sjeleglad kunstnar. 

Ivan Dujmusic (35) driv med visuell kunst. No blir han tildelt 80.000 kroner i stipend av Møre og Romsdal fylkeskommune. Det meldar ksu247.no

Får meir tid til kunsten

Han bekreftar at det å vinne 80.000 kroner, tydar noko for ein kunstnar. 

– Eg kan no fokusere enda meir på kunsten, fortel han. 

Installasjon: eit døme på kunsten Dujmusic skaper
Installasjon: eit døme på kunsten Dujmusic skaper. 

Dujmusic er frå Kroatia, men er godt integrert i Volda. Mellom 2013 og 2015 var han kurator for Norsk Animasjonsfestival.  

Forfattar frå Ulstenvik får også stipend

Også forfattar Ingunn Røyset frå Hareid, busett i Ulsteinvik får 80.000 kroner. 

– Det er nok bøkene mine om 2. verdskrig som er grunnen til eg vinn stipend, seier ho. 

Dei heiter Brevet frå krigen og Aldri fred å få. 

– Bøkene er omfatta av innkjøpsordninga, noko som er eit kvalitetsstempel, seier Røyset. 

Forfattaren peikar på at det er mange andre som kunne fortent stipend, og at det derfor er ei ære å vinne 

Grunnen til at fylkeskommunen deler ut pengene, er at den ønsker å styrke Møre og Romsdal som kulturfylke. 

Tarjei Engeset Ofstad

Tarjei Engeset Ofstad

Les flere artikler fra Tarjei Engeset Ofstad.

Journalistikkstudent ved Høgskulen i Volda som prøver å være god i alt.