To prisar til filmen om paddane i Austefjorden

padde kvivsvegen

PRISVINNAR: Paddene kan trygt krysse Kvivsvegen. Kampen for å få dette til har vunne filmpris. Foto: Tore Ørjasæter 

«Kunsten å leggje seg paddeflat» vann to prisar under internasjonal filmfestival.

Filmen om kampen for å byggje ein paddetunnel under Kvivsvegen, som er laga av Are Pilskog, vann to prisar under Motsalu naturfilmfestival i Lihula i Estland. Filmen vann pris for beste regi, og den gjeve hovudprisen. 

Regissøren sjølv seier til Møre-Nytt at det var ein tøff konkurranse med store og dyre filmproduksjonar.

– Det var veldig stas å vinne, seier han til avisa.

Juryen, som hadde medlemmar frå Storbritannia, Estland og USA, sa at det er «ein flott film som sit i oss att lenge etter at ein har forlate filmsalen, og som får ein til å tenkje på vår plass i verda.»

Matsalu naturfilmfestival er ein årleg festival, oppkalla etter Matsalu National Park, eitt av dei største fugleherberga i Europa.

Nærnett

Les flere artikler fra Nærnett.