Slit med å få lærlingplass

lærlingsplassar møre og romsdal

STOR VERKSEMD: Ulstein-verftet har tatt inn mange elektrolærlingar dei siste åra. I år seier det stopp.  Alle foto: Toini Thanem

80 ungdommar står no utan lærlingstilbod. I elektrofaget er det spesielt vanskeleg å få læreplass, med dårlege tider og store kutt. 

Langt fleire har fått læreplass i år, samanlikna med same tid dei to seinaste åra i Møre og Romsdal. Men framleis står mange utan tilbod. Og mangelen på læreplassane er større i enkelte bransjar enn i andre. 

Bråstopp på lærlinginntaket

Ulstein Elektro Installasjon AS er ein av verksemdene som har brukt å ta inn fleire lærlingar. På det meste hadde dei rundt 13 lærlingar samtidig. No har dei ingen. 

POSITIV TIL LÆRLINGAR: Kjell-Arve Vatne seier at fleire av hans tilsette starta i verksemda som lærlingar. 

Dagleg leiar Kjell-Arve Vatne seier at det skuldast dårlege tider i bransjen.

– Det er heilt enkelt på grunn av nedgongen i offshore-næringa som Ulstein Verft har basert seg på. Det gjer at vi har vore naudt til å kutte i arbeidsplassar, og då har vi heller ikkje noko moglegheit til å teke inn lærlingar, seier Vatne. 

Dei siste lærlingane elektroavdelinga tok inn, gjekk ut med fagbrev no i sommar. Det vil ikkje bli tatt inn nokon nye i år. 

LÆRLINGANE FORSVINN: Ulstein-verksemda har no berre tre lærlingar på heile verftet, men ingen på elektroavdelinga. Alle tre blir ferdige no til hausten. 

Eit alternativt tilbod

På Ulstein vgs har det blitt gjort tiltak i regi av Fylkeskommunen, for å hjelpe dei som ikkje har fått læreplass. I år blei ein heilt ny klasse starta opp: Tredjeklasse elektro. 

Les også: Oppfølgingstjenesten jobber på spreng for å få ungdom tiblake i arbeid eller utdanning

Elektrofaget har tradisjonelt vore eit toårig tilbod, der elevane går ut som lærlingar etter andreåret. I år har dei også moglegheit til å ta eit tredje år på skulen, som skal gje dei fagbrev til slutt. 

Lærar Hanne Notøy synest dette er eit positivt tilbod for elevane, og legger til at elevane i klassen når som helst kan droppe ut og gå over i arbeid om dei får moglegheita til det. 

ERFAREN: Hanne Notøy (t.h.) har jobba i fleire år hos Ulstein Elektro. Der har ho vore lærlingansvarleg. I år fekk ho jobb som lærar for dei som ikkje fekk tilbod om læreplass.

– Eg opplever at elevane synest det er eit veldig greitt tilbod. Det gjer at dei kan følgje planen sin, som er å få fagbrev. Målet er jo å få dei over i lærlingkontraktar, men dersom dei ikkje får det, så får dei også høve til å ta fagbrevet her på skulen, seier Notøy.

Notøy fortel at dei tidlegare sleit med å få inn nok lærlingar på elektroavdelinga, fordi det var for få lærlingar i området.

– Då måtte vi faktisk utanfor fylket for å fylle alle plassane vi trengte. Men no er det jo diverre omvendt, seier ho. 

– Heilt klart ulemper for elevane

Rektor ved Ulstein vgs, Margaret Alme, seier at dei ikkje har hatt behov for den nye tredjeklasse-ordninga tidlegare. Det har dei no. 

– Vi har vore svært heldige i dei tidlegare åra med å skaffe læreplassar for elevane, men i år var det 14-15 elevar som sto igjen, fortel Alme. 

REKTOR: Alme meiner at den nye tredjeklassen seier noko om situasjonen i næringslivet.

Ho fortel at det nye skuletilbodet gjer at elevane utan lærlingplass ikkje blir tvinga over på påbygg, som er det einaste andre alternativet på skulen. Ho meiner også at det er ulemper for elevane at dei ikkje får vere lærlingar.

– Dei går glipp av lærlinglønn og kjem ikkje inn i ein bedrift med produksjon. Klassens mål er berre opplæring til fagprøven, seier Alme.

Trur på ei lysare elektroframtid

Sjølv om det er færre lærlingplassar til elektroelevane, er Hanne Notøy likevel positiv, og har trua på at elevane får mange moglegheiter for jobb i framtida. 

– Det er kjempekjekt med elektrisitet. Vi er ein skuleklasse, men eg likar å sjå på oss som eit arbeidslag kor eg er leder. Vi må rette oss mot arbeidslivet, det er der elevane skal ende opp. Og det har eg trua på at dei gjer, seier Notøy. 

HYBRIDMODELL: Vatne trur at skiftet over til delvis elektriske båtar, slik som den nye båten til Color Line, kan føre til at verksamda treng fleire elektroelevar. 

Også Vatne i Ulstein Elektro Installasjon ser lyset i enden av tunnelen. Han fortel at bransjen no er i ein omstillingsprosess som vil teke tid, men at han håpar på å kunne ta inn nye lærlingar allereie neste år. 

– Lærlingar er viktige for oss. Det er godt å få dei inn i vårt type arbeid og utdanne folk som kan det vi driv med her på Ulstein. Det er viktig for å fylle på med fagfolk, og oppretthalde eit fagmiljø, seier Vatne. 

Husker du? Tvinga av NAV til å gi opp fagbrevet