Før valet i 2015 gav partia i Volda lovandar til veljarane. Næravisa har omtalt tre lovnadar som dei forskjellige partia har skreve inn i partiprogramma sine, men ikkje har halde.

Det spesielle er at dei har også hatt fleirtal i kommunestyret for desse lovnadane. I forrige avis handla det om at seks av åtte parti hadde lova ein ny ungdomsklubb, men det skjedde ikkje.

Ivar Otto Kristiansen frå Høgre sa sjølv at ein skal halde det ein lovar, viss ein ikkje kan halde det, skal ein ikkje love det i utgangspunktet.

Etter valet i 2015 såg det lyst ut for turveg rundt Rotevatnet. Nokre parti endra meining etter kvart i denne prosessen, og framlegget blei tilslutt nedstemt i kommunestyret.

Når politikarane ikkje eingong kan halde løftene som eit fleirtal i kommunestyret står bak, korleis kan veljarane tru på dei då?

Ifølgje Statistisk sentralbyrå sine undersøkingar er Noreg eit av landa i Europa med størst tillit til politiske institusjonar. Dette kan endre seg om fleire mister tillit til politikarane, grunna brotne lovnader.

Mange av partia i Volda har også lovt saker i lokalvalet som kommunen har liten innverknad på. For eksempel har SV lova at dei skal sikre Volda sjukehus og Mork senter, men dette er statleg verksemd. Her har andre parti og kasta seg på, blant anna KrF som vil ha “fortgang i Voldatunnelen.” Dette er eit prosjekt som må vurderast av Stortinget. 

Fleire parti har desutan særs lite konkrete lovnadar i partiprogramma sine. Frp vil mellom anna arbeide for at heile kommunen  “skal få ei positiv og harmonisk utvikling”. Dei lovar også “at dei vil gjere Volda til ein enno betre stad å bu.”  

Det ville vore bra til neste val om partia kjem med færre og meir konkrete lovnader, og har større vilje å halde dei.