Havforskningsinstituttet: 
– Dersom alle fyller kvotene, blir det tatt for mykje

Leppefisk

UROA: Øystein Folden i Naturvernforbundet vil ha stans i fangsten av leppefisk

Å fange vill leppefisk for oppdrettsnæringa, har blitt lukrativt. 
– Dersom alle fangar heile kvoten sin, blir det tatt alt for mykje, seier Havforskningsinstituttet.   

Leppefiskeriet er regulert med makskvotar, men ingen sluttdato for sesongen. Likevel seier Anne Berit Skiftesvik i Havforskningsinstituttet rett ut at kvotene er for høge. 

– Dersom alle fyller kvota sin, vil det bli tatt alt for mykje seier Skiftesvik. 

– I utgangspunktet ei elegant løysing

Leppefisk et parasitter av andre fiskar. Derfor har dei blitt eit populært, viktig og skånsamt verktøy for oppdrettsnæringa i kampen mot lakselusa. Eit  alternativ er kjemikalier, som neppe gir noko pluss for miljøet, ei heller i marknadsføring av laksen.

 Øystein Folden, leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal er kritisk til den nye trenden med å ta ut store mengder leppefisk ifrå økosystemet.  

KRITISK: Øystein Folden er ein av få som talar leppefisken sin sak. 
Foto: Naturvernforbundet 

– Dei siste åra har det blitt tatt ut over 20 millionar fiskar! No må vi trykke på stoppknappen, til vi har kartlagt konskevensane, meiner han. 

Som naturvernar er Folden opptatt av at ein må følge føre-var-prinsippet, altså stoppe medan leiken er god for å seie det på ein annan måte. 

– Men er det ikkje bra for naturen og villfisken at leppefiskene gjer at det blir mindre lus frå oppdrettsanlegga? 

– Jo, i utgangspunktet er det ei elegant løysing. Men leppefiskane speler ei rolle i naturen. 

Innbringande geskjeft 

– Vi har aldri tatt så mykje leppefisk så raskt som i år , seier fiskar  Stig Henning Refvik, busett i Ørsta, over telefon.  

Linja skurrar, han er ute på sjøen, denne gongen for å sjekke krabbeteiner. 

Også leppefiskane blir fanga med teiner. 

Refvik har fanga leppefisk frå Stad og til inst i Austefjorden. 

– Eg veit ikkje kvifor nokon vil ha lågare kvoter, bestanden er god, rapporterer Refvik.

Fiskaren fortel at han har tre båtar med  kvoter på 75.000 leppefiskar (normal kvote)  per båt, altså 225.000 totalt.  

Fisket har vakse eksplosivt frå og med 2014, som vi ser av diagrammet under. Dei som har gått inn i denne nye typen fiske, tener gode penger.  

 

 

 

Næringa forheld seg til Havforskningsinstituttet 

Oppdrettsselskapet Marine Harvest driv fleire anlegg på Sunnmøre, mellom anna på Folkestad. Dei betaler 25 kroner for arten berggylt, 11 kroner per bergnebb og 10-11 kroner per grønngylt. Det opplysar Lars Elias Uksnøy som er rensefisk-koordinator i region Vest i selskapet.   

BERGGYLT: Finst nord til og med Trondheimsfjorden. Kan ved spesielle tilhøve bli seks kilo tung og 25 år. Minstemål: 14 centimeter.  Alle foto av fisk: Wikimedia Commons

– Berggylten er den største arten, sjeldnare og den som er best på å ete lakselus, derfor er han best betalt fortel han. 

Skilnaden på rensefisk og leppefisk er at også fisken rognkjeks reknast med som det første, men ikkje det siste. Denne arten er det vanleg å drette opp, snarare enn å fange  vill.

   

BERGNEBB: Blir også kalla råte, harjåd og berse. Minstemål: 11 centimeter. 

Grunnen til at dei andre artane helst blir kjøpt ville, er at det er billegare for oppdrettsnæringa. 

– Det er opp til Havforskningsinstituttet å tilrå kor mykje det skal vere lov å fange, vi forheld oss berre til regelverket, seier Uksnøy.  

Inntrykket hans er at fisket er berekraftig i den forma det er no. 

Skiftesvik i Havforskningsinstituttet seier at dei ikkje er redd for at leppefisken skal forsvinne på kort sikt. 

– Minstemålet sikrar ein del av bestandande, og mange fisker gyter før dei når denne storleiken.

Men ho håpar å få på plass eit maksmål. 

– Dei største fiskane produserer mest egg, og bør bli spart, seier ho.

ROGNKJEKS: Eigentleg er det berre hoa som blir kalla dette, hannen blir kalla rognkall. 

Forsiktige reguleringar er på plass

 Fram til 2011 var leppefiskeri uregulert. Slik er det ikkje lenger (sjå faktaboks øvst i saken på datamaskin, nedst på mobiltelefon)

Det er Fiskeridepartementet som gjennom Fiskeridirektoratet avgjer reglene for fiskeri i Norge. I juli sendte Fiskeridirektoratet  nye reguleringsforslag ut på høyring. I innleiinga kjem det fram at direktoratet ser eit større behov for å regulere fisket no, enn før.   

GRØNNGYLT: Vanleg frå Marokko til Trøndelag. Kan leve både i fjøra og på 30 meters djup. Minstemål: 12 centimeter

Øystein Folden meiner at forskarane først og fremst studerer det som allereie har skjedd, og då er for seint.

– Dersom vi framleis tillét fiske i vildens sky, kan vi få full kollaps, slik vi har sett med andre fiskearter før.  

På 70-talet var silda så og si borte frå norske havområder, grunna overfiske.  

Jørgen Vigdal

Les flere artikler fra Jørgen Vigdal.

Tarjei Engeset Ofstad

Tarjei Engeset Ofstad

Les flere artikler fra Tarjei Engeset Ofstad.

Journalistikkstudent ved Høgskulen i Volda. Særleg interessert i sakar som berørar både næringsliv og natur- og miljøvern samstundes. 

Slik blir leppefiskeriet regulert no:

  • Fangststart vart satt til 17. juli sør for Stadt, og 31. juli nord for Stadt. Dette for å unngå fiske i gytetida   
  • Det er ikkje sett sluttdato, fisket held fram til kvotene er fylt. 
  • Fartøyeigar må stå om bord i båten som høvedsmann, altså er det forbud mot leieskipper. Det kan gis dispensasjon dersom fartøyeigar har helseproblem. 
  • Leppefiskredskap skal være utstyrt med fluktåpninger med minimum 12 millimeter breidde   
  • Minstemål for berggylt er 14 centimeter, grønngylt 12 centimeter, anna leppefisk 11 centimeter