Leserinnlegg: «Unge vaksne i Hornindal» ønskjer «Unge vaksne på Bjørke» velkommen

Leserinnlegg: Bjørke ønskast velkomen til Nye Volda

ØRSTA ELLER VOLDA?: Spørsmålet om Bjørke vil bli ein del av Nye Volda kommune har vore eit heitt tema i det siste. Foto: Even Ørjasæter

I forrige veke sendte ei gruppe som kallar seg «Unge vaksne på Bjørke» søknad til Fylkesmannen. Dette om å greie ut ei eventuell grensejustering der Bjørke kan bli ein del av «Nye Volda». 

Velkomne skal de vere gode naboar frå Bjørke. Det er med stor glede og interesse vi les at unge vaksne innbyggjarar på Bjørke ser verdien av at vi i fellesskap saman kan utvikle og styrke vårt felles område her i indre del av den nye kommunen.

Det faktum at Kvivsvegen har endra landskap, avstandar og sørvisfunksjonar håpar vi også vil bidra til ein felles og slagkraftig krins med Hornindal, Bjørke og Austefjorden. Saman kan vi krevje å utvikle gode, nære og likeverdige kommunale tenester der vi bur, og blant anna på denne måten kan vi medverke til å oppretthalde busetnad i grendene våre.

Gjennom felles møteplassar som barnehage, skule, kultur og idrett vil vi skape sosiale relasjonar som komande generasjonar vil drage nytte av. Foreldremøte, klassefestar og ulike sosiale tilstellingar vil over kort tid bryte ned den kunstige grensa vi framleis er mellom oss. Vi har tru på framtida med Austefjorden, Bjørke og Hornindal som eit felles slagkraftig område i Nye Volda kommune, og håpar at de vil få ønskje dykkar oppfylt i den komande prosessen med grensejustering. Vi seier i alle fall velkomne skal de vere!

Unge vaksne frå Hornindal. Tom-Øyvind Solheim, Eline Fannemel, Alexandra Blendberg, Per-Mattis Lødøen, Tor Marius Sollid, Beate Lødemel.

Nærnett

Les flere artikler fra Nærnett.