Lokalavisene kan få meir pressestønad

Lokalavisene kan få meir pressestønad

VIDEO: Lokalavisene kjemper mot mediekrisa

 

– Vi foreslår å auke produksjonstilskotet for avisene som har mellom 1000 og 6000 i opplag, seier Knut Olav Åmås.

Det vil innebere eit «golv» på 750.000 kroner, noko som vil gi meir pengar til lokalavisene på Søre Sunnmøre.

 

 

 

Han og resten av Mediemangfoldsutvaget la 7. mars fram sin nye NOU (Noregs offentlege utredningar). Den var tinga av staten for å finne ut av korleis ein kan redde norsk mediemangfald.  Fri, variert og sann journalistikk,  er for dei fleste  ein del av demokratiet.

Sjå rapporten her  

Lokalavisene har ein viktig plass i rapporten.

–   Noreg utmerkar seg i verda med vårt lokale mediemangfald, seier Åmås.

Han meiner subsidiar er mykje av grunnen, og at stønaden må vidareførast og styrkast.

Utvalet føreslår også å fjerne arbeidsgivaravgifta for alle redaksjonelle medie.

– Å fjerne arbeidsgivaravgift blir dyrt for staten. Men tiltaka vi føreslår vil hjelpe media i ei historisk vanskeleg tid, forklarar Åmås.

Han legg til at Noreg også bør få på plass ei ordning der nyskaping, også kalt innovasjon, blir lønna med økonomisk støtte.

Knut Olav Åmås
Knut Olav Åmås er også direktør i Fritt Ord, ei stifting som jobbar for ytringsfrihet gjennom å gi støtte til medieprosjekter. Foto: Caroline Reistad / Fritt Ord

Med det meiner han nye samarbeidsprosjekter der aviser går i djupna på saker, utveksling av stoff, og nye måtar å lage digital journalistikk på.

Skal samarbeide med konkurrerande aviser

Det var kva staten bør gjere. Korleis skal dei redaksjonelle media sjølv  skaffe seg inntekter og overleve? Dette grunnar folk i lokalavisene over kvar bidige dag.

– Vi tener stadig mindre på annonser, dei pengane går til Google og Facebook fortel Heidi Myklebust.

Ho er dagleg leiar i både Møre-Nytt i Ørsta, som er lokalavisa med størst opplag på Søre Sunnmøre, og Vikebladet Vestposten i Ulsteinvik. Avisene er begge eigd av mediekonsernet Polaris.

Heidi Myklebust står her foran Vikebladets lokalar i Ulsteinvik. Ho er dagleg leiar både her og hos Møre-Nytt i Ørsta. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll

Myklebust fortel at  Polaris, som hennar eigne aviser er ein del av, og Schibsted, som har store merkenamn som VG og Aftenposten i sin portefølje,  no skal samarbeide.

– Vi skal få til brukarstyrte annonsar.

For å få til dette, må mediehusa hente inn og dele informasjon om brukarane for å tilpasse annonsane betre, slik store sosiale medier gjer allereie. Personvernomsyna kring dette, er ein annan debatt.  

Fleire digitale abonnentar

Lysglimtet i mediemørket, er at dei fleste mediehus opplever å få fleire digitale abonnentar.

– Før fekk vi inn 70 prosent av inntektane våre frå annonsar og 30 frå brukarane. No tener vi meir på brukarar enn annonsørar, seier Myklebust.

Men både Myklebust og Åmås presiserar at abonnementssal berre gjev forsiktige summar i gevinst. 

Vil vinden snu?

– Samfunnet treng uavhengige og redaktørstyrte medie, fastslår Myklebust.

Den daglege leiaren jobba sjølv som journalist i gullåra på 80- og 90-talet då budsjetta var romslege, og avisene hadde stort spelerom til å forfølgje ressurskrevjande saker.

Ho smilar og forsikrar journalisten om at gode tider igjen vil kome.

                          

Tarjei Engeset Ofstad

Tarjei Engeset Ofstad

Les flere artikler fra Tarjei Engeset Ofstad.

Journalistikkstudent ved Høgskulen i Volda som prøver å være god i alt.