Sesongens viktigaste for fotballkameratane

Lokaloppgjeret: Ørsta-Volda

DUELL: Dei to kompisane Markus Halse (t.v.) og Magnus Lien Bischoff er klare for lokaloppgjer. (Foto: Marius S. Tollaksen)

Kompisane Magnus Lien Bischoff og Markus Halse spelar på kvart sitt lag. Førstnemnde er Volda-spelar, medan makkeren spelar for Ørsta. Fredag brakar det laus med lokalderby på Aurstad Arena, når Ørsta tek imot nabo Volda til dyst.
 

16. mai-kampen tidlegare i år sit friskt i minne hjå begge to. Med positivt forteikn for Volda-spelar, Lien Bischoff – men det sterkt motsette for kameraten frå Ørsta. Dei over tusen som hadde møtt opp på Volda stadion var vitne til at Volda knuste naboen heile 5-0.

– Det er noko som sit i deg i lang tid, og det er noko bygda snakkar om lenge, seier Halse.

– Sesongens viktigaste kamp

Lokaloppgjeret blei òg spela på fotballens nasjonaldag i fjor. Då vann Ørsta 2-1, og dei to kameratane er tydeleg på at det ikkje alltid er like lett å leggje frå seg kampen, sjølv etter at kampen er blåst av.

– Eg gløymer ikkje den kampen så fort. Me hadde eigentleg planlagt å ha champagne-frukost på nasjonaldagen ilag, men det blei ikkje noko av, smilar Lien Bischoff.

– Kor viktig er denne kampen, eigentleg?

– Det er jo sesongens viktigaste kamp, heilt klart. Det er alltid deilig å vinne fotballkampar, men å slå Volda, må vera det beste, seier Ørsta-spelaren.

– Altså, alle kjenner jo alle på motstandarlaget, så du får høyra det ei god stund etterpå om du tapar, kjem det frå Volda-spelaren.

Topp mot botn

«Lokaloppgjer lev sitt eige liv», er eit kjend utsagn i fotballen. Tross det, har kampen stor betydning for begge lag. Dei to laga kjempar ein kamp på to vidt forskjellige stadar av tabellen. I skrivande stund ligg Ørsta på 10.-plass, medan Volda held ein 2.-plass, rett bak Bergsøy på topp.

– Når me først ligg der me ligg på tabellen, er det berre å gå «all in» for førsteplassen. Målet før sesongen var at NM skulle sikrast, og det er så og sei klart. No er det berre å køyre på mot opprykk. Eg trur me bør ta tre poeng i kvar kamp resten av sesongen, seier ein målretta Lien Bischoff.

– Sesongen til no har vore overraskande skuffande. Me har vore veldig ujamne. Til tider har det vore bra, men me har tapt mange kampar som me burde ha vunne. Vidare no er fokus på å ikkje gå lengre ned på tabellen, og prøve å kvalifisere seg til NM, seier Halse.

Bataljen sparkast i gong 18.30 på Aurstad Arena i Ørsta fredag 6. september.

Magnus Lien Bischoff 

  • Alder: 20
  • Frå: Volda
  • Lag: Volda
  • Posisjon: Midtstoppar
  • Sivilstatus: I eit forhold

Markus Halse

  • Alder: 22
  • Frå: Ørsta
  • Lag: Ørsta
  • Posisjon: Back
  • Sivilstatus: Singel

5 kjappe – Magnus Lien Bischoff

– Favoritt fotballspelar? Yann Sommer

– Kva et du helst før kamp? Salat, kylling.

– Rituale før kamp? Gå på do.

– Favoritt fotballag? Borussia Mönchengladbach

– Favorittderby ute i verda? Dortmund-Schalke

5 kjappe – Markus Halse

– Favoritt fotballspelar? Lionel Messi

– Kva et du helst før kamp? Kylling, kaloriar, mykje næring

– Rituale før kamp? Få i meg nok vatn. Har ei viss mengde eg må få i meg.

– Favoritt fotballag? Liverpool

– Favorittderby ute i verda? Liverpool-Everton