Lever i si eiga boble

Lykkebobla

DRAUMEBILEN: – Eg berre måtte ha bilen. Den var så søt, sa Kristin då ho fann bruktannonsa på nettet. Foto: Marita Solheim

Kristin Marie Kipperberg Ose (46) fann draumebilen tidlegare denne hausten. Med lange augevipper og stor kyssemunn er bilen lett å få auge på i bygda.

Lokalbefolkninga i Ørsta legg godt merke til henne, når ho køyrer rundt i sin vesle, raude kabriolet av merket Volkswagen Beetle. Bilen får mange lange blikk etter seg.

– Det er ein veldig synleg bil. Folk stirrar og eg merkar at trafikken brått går frykteleg mykje treigare, seier Kristin og ler. Ho fortel at når ho kjem ut frå Amfi Ørsta står det ofte mange tenåringsjenter og tek bilete av bilen hennar. Kristin synest det berre er hyggeleg, og er glad dersom bilen får folk til å trekke på smilebandet.

Kjøpte bruktbil

Kristin blei den lykkelege eigar av bilen i midten av august. Ho hadde leita litt rundt på nettet, men enno ikkje funne draumebilen. Ein dag fann ho ei annonse som var lagt ut for lenge sidan. Seljaren venta framleis på ein eigar som kunne passe.

– Eg berre måtte ha bilen. Den var så søt, seier Kristin og smiler. Ho kontakta eigaren i Ålesund. «Denne bilen er det DU som skal ha,» sa den tidlegare eigaren, Therese. Kristin blei utruleg takknemleg. Bilen har fått namnet Dolly Therese, oppkalt etter henne.

PÅ KØYRETUR: Det er lett for ørstingane å sjå kven som kjem køyrande i den vesle bobla.
Foto: Marita Solheim

– Eg har ofte studert desse «boblene» på køyretur opp gjennom åra. Heilt sidan eg var 18 år har eg hatt lyst på ein slik bil, innrømmer Kristin. Ho har ikkje born sjølv, men det er alltid stor stas for niesene og nevøane når Kristin kjem på besøk med bilen sin. 

Inspirert av «Pink»

Etter ein konsert med artisten «Pink» i Dublin i 2013, kom Kristin heim med ny hettegensar og klistremerker med rosa lepper på. Då fekk ho ein idé om at ho kanskje kunne pynte ein bil med samme type dekor.

GJENNOMFØRT STIL: Kristin har trillekoffert og nøkkelknippe som matchar bilen.
Foto: Marita Solheim

– Det er ein enkel bil å dekorere, fortel Kristin. Ho bestilte klistremerker til bilen hos ein lokal dekor- og skiltleverandør i Ørsta. Før den tid hadde ho leita rundt på nettet utan hell.

– Eg bestilte to store klistremerker, seier Kristin og fortel at ho alltid må ha dobbelt opp, i tilfelle det kan vere vanskeleg å få tak i seinare.

Parade i San Francisco
 

FARGEKLATT: Den tidlegare kollegaen og venninna, Emily er veldig interessert i dekorerte bilar. Foto: Privat

Kristin blei inspirert av venninna Emily, som bur i San Francisco. Ho er ein idérik «fargeklatt» og multikunstnar som har jobba lenge i motebransjen og har stor interesse for å dekorere bilar. Emily har ofte ansvaret for store paradar.

– Vi sat i bilane og vinka slik som dei kongelege, fortel Kristin om ein parade ho deltok i på eitt av sine USA-besøk. Dei fekk mykje merksemd frå amerikanarane.

Har budd i Ørsta i 30 år

Kristin kom til Ørsta som sekstenåring. Ho vaks opp i Moss. Der hadde ho ein lærar som var frå Ørsta og tipsa henne om ein folkehøgskule i området. Kristin blei verande i bygda, men fortel at ho er glad i å reise. Ho ser fram til lengre, luftige turar med kabrioleten når sommaren kjem.

– Bilen min er kanskje ikkje den mest praktiske, men ein må følgje hjartet når ein kjøper ny bil, avsluttar Kristin.