Hødd 2-kapteinen viste veg

Målfest på Høddvoll

RUVA HØGAST: Hødd 2 trakk til slutt det lengste strået, tross eit Ørsta-lag som yppa seg på Høddvoll. (Foto: Sjur Tveito)

Hødd 2-kaptein, Sindre Ryttvad Kleiven, scora to då heimelaget vann seksmåls-thrilleren på Høddvoll, måndag kveld.

HØDDVOLL/Nærnett: Heimelaget kom best i gong, og styrte mesteparten av den første omgongen. Etter 26 minutter spelt, fekk kaptein-Kleiven ballen like utanfor 16-meteren til Ørsta, og sendte avgarde ein susar, til 1-0.

Hødd 2 rulla kampen vidare, og kom til eit par halvsjansar. Likevel var det Ørsta som skulle slå tilbake. Det tikka og gjekk mot pause på Høddvoll, men to magiske minutt skulle snu kampen for bortelaget.

Først fekk Ørsta straffe, då dommar såg litt for aktiv knuffing i feltet, og på den påfølgjande straffen hadde Øvrebotn ingen problem med å setje inn utligninga. Det skulle ikkje stoppe der, for før dommar blåste av til pause fekk kvittrøyene corner. Innleggjet såg tilsynelatande ufarleg ut, men då keeper heimelaget sin keeper var ute på bærtur, fekk Vik Bjerkenes ballen og kunne enkelt setje inn 1-2, og botnlaget var i leiinga til halvspelt kamp. Kanskje var det haggel-byga som kom dei til gode.

VANN LOKALOPPGJER: Heimelaget klatra til tredjeplass på tabellen, då Ørsta måtte sjå seg slått, 4-2. (Foto: Sjur Tveito)

Slo kraftig tilbake

Andreomgongen starta roleg. Laga kriga mykje på midten, men fekk ikkje mykje til dei første ti minuttane av dei siste 45. Hødd 2 tok meir og meir over og etter 56 minutt smalt det frå heimelaget. Spissen Hasund dempa ballen og sendte ballen elegant forbi Ørsta-keeperen, på ein vakker halvvolley.

Berre minuttar seinare  fekk Hasund ballen på høgresida, orienterte seg og la den fint inn til kaptein, Kleiven, som scora sitt andre for kampen, 3-2. Hødd 2 gjorde nærmast ein kopi av Ørsta si opphenting rett før pause, då dei på eit par minuttar scora to mål og tok leiinga.

Då såg Hødd 2 seg aldri tilbake og etter 65 minuttar punkterte blåtrøyene kampen, då susaren frå Skeide satt inn kampens siste mål, til 4-2.

– Me styrar eigentleg heile kampen, sjølv om me slepp inn to tullemål før pause der. Me omstiller i pausen, og går utpå tar ein viktig siger, seier Kleiven like etter kampslutt.

Heimelaget kunne med det sjå oppover på tabellen og klatra til ein tredjeplass i årets 4.divisjon. Ørsta, på si side, ligg nest sist og går ei nervepirrande sesongavslutning i vente.