Hødd 2-kapteinen viste veg

Målfest på Høddvoll

SCORA TO: Kaptein Sindre Ryttvad Kleiven og Hødd 2 trakk til slutt det lengste strået, tross eit Ørsta-lag som yppa seg på Høddvoll. (Foto: Sjur Tveito)

Hødd 2-kaptein, Sindre Ryttvad Kleiven, scora to då heimelaget vann seksmåls-thrilleren på Høddvoll, måndag kveld.

ULSTEINVIK/Nærnett: Måndag kveld møttes Hødd 2 og Ørsta til lokaloppgjer på Høddvoll. Dei tilmøtte blei vitna til ein målfest, tross eit surt og tungt vêr.

Heimelaget kom best i gong, og styrte mesteparten av den første omgongen. Etter 26 minutter spelt, fekk kaptein-Kleiven ballen like utanfor 16-meteren til Ørsta, og sendte avgarde ein susar, til 1-0.

Hødd 2 rulla kampen vidare, og kom til eit par halvsjansar. Likevel var det Ørsta som skulle slå tilbake. Det tikka og gjekk mot pause på Høddvoll, men to magiske minutt skulle snu kampen for bortelaget.

Først fekk Ørsta straffe, då dommar såg litt for aktiv knuffing i feltet. Mats Johannesen Øvrebottn hadde ingen problem med å setje inn utligninga, frå 11-meteren. Men, det skulle ikkje stoppe der, for før dommar blåste av til pause, fekk kvittrøyene corner. Innleggjet såg tilsynelatande ufarleg ut, men utboksinga til heimelaget sin keeper gjekk ikkje heilt som planlagt. Ballen enda opp hjå Thomas Wiik Bjerknes, som på ope mål kunne setje inn 1-2. Plutseleg var botnlaget i leiinga til halvspelt kamp. Kanskje var det haggel-byga som inntraff desse minuttane, som kom dei til gode.

VANN LOKALOPPGJER: Heimelaget klatra til tredjeplass på tabellen, då Ørsta måtte sjå seg slått, 4-2. (Foto: Sjur Tveito)

Slo kraftig tilbake

Andreomgongen starta roleg. Laga kriga mykje på midten, men fekk ikkje mykje til dei første ti minuttane av dei siste 45. Hødd 2 tok meir og meir over og etter 56 minutt smalt det frå heimelaget. Ballen blei lempa inn til spissen, Peter Saunes Hasund,  som dempa ballen på brystet og sendte ballen elegant forbi Ørsta-keeperen, på ein vakker halvvolley.

Berre minuttar seinare skulle Hasund vera tilretteleggjar, då han dreiv inn på venstresida, og la den fint inn til kaptein, Kleiven, som scora sitt andre for kampen. 3-2, og kampen var snudd, igjen. Hødd 2 gjorde nærmast ei kopi av Ørsta si opphenting rett før pause, då dei på eit par minuttar scora to mål og tok leiinga.

Då såg Hødd 2 seg aldri tilbake og etter 65 minuttar punkterte blåtrøyene kampen, då susaren frå Iver Myrene Skeide satt inn kampens siste mål, til 4-2.

– Me styrar eigentleg heile kampen, sjølv om me slepp inn to tullemål før pause der. Me omstiller i pausen, og går utpå og tar ein viktig siger, seier Kleiven like etter kampslutt.

Heimelaget kunne med det sjå oppover på tabellen og klatra til ein tredjeplass i årets 4.divisjon. Ørsta, på si side, blir liggjande nest sist og går ei nervepirrande sesongavslutning i vente.

Se kampen i opptak her: