Bakketunet på Bjørke fekk målprisen

Bakketunet på Bjørke tek i mot målprisa frå Volda Mållag. FV: Marita Bett Aakre, Ingebjørg Osdal, Kardis Hasfjord FOTO: Bakketunet på Bjørke sin facebookside.

Bakketunet på Bjørke tek i mot målprisa frå Volda Mållag. Frå venstre: Marita Bett Aakre, Ingebjørg Osdal, Kardis Hasfjord FOTO: Bakketunet på Bjørke sin facebookside.

Bakketunet på Bjørke fekk målprisen av Volda Mållag. 

Den 26. februar delte Volda mållag ut målprisen for god bruk av nynorsk. Målprisen vert gitt ut av ei eiga nemd i Volda mållag. Denne gangen falt valet på Bakketunet på Bjørke. Tidlegare har mellom anna Geiranger Bakeri vunne. 

Krava til kandidatane

I utvelginga av kandidatar ser mållaget, i tillegg til god bruk av nynorsk, etter nokon som viser at nynorsk kan bli brukt i mange ulike samanhengar, seier leiar Anne Steinsvik Nordal i Volda mållag. 

«Gjevt! Denne prisen heng høgt! Bakketunet har fått Målprisen 2019 frå Volda Mållag. Tusen takk! Nynorsk er sjølvsagt», skriv Bakketunet på Bjørke i ei facebookmelding.