Gatefotografiets Lucky Luke

– Mange trur det handlar om snikfotografering

HISTORIEFORTELJAREN: – Det viktigaste er at biletet fortel ei god historie, fastslår Dag Spant. Foto: Marita Solheim

Med touchskjerm og lydlaust kamera sklir gatefotograf Dag Spant rett inn i miljøet. Der andre nøler har Spant allereie knipsa eit blinkskot.

Dag Spant er alltid klar med kameraet. Du legg ikkje merke til han. Han ser ikkje inn i søkaren når han fotograferer. Historieforteljing og humor er hovudfokuset.

– Det viktigaste er at biletet fortel ei god historie. Han erfarer at folk blir letta når ein tar vekk utstyrsfokuset og legg vekt på visuell historieforteljing.

Fjernar fokuset på kamerainnstillingar

Biblioteksalen på rådhuset i Ålesund var fylt opp av ivrige fotografar då Dag Spant heldt føredrag måndag kveld. Spant har arrangert mange workshops over heile verda. Han har fokus på at folk må komme forbi mentale hinder for å våge å fotografere folk på gata. I tillegg vil han prøve å fjerne stressfaktoren rundt fokus på riktige kamerainnstillingar.

– Dersom du vil fotografere eit spesifikt ansiktsuttrykk har du ikkje tid til å klusse med kamerainnstillingar. Då er det heile over.

Spant jobbar kjapt og biletet blir tatt i det sekundet han ser det. Han fortel at han fotograferer med «auto» eller «A for amatør», som han sjølv kallar det.

LETTVINT: Dag Spant fotograferer med autoinstillingar og lydlaust kamera.                                                                                                                                              Foto: Marita Solheim

Spant har eit perfekt eksempel som illustrerer kor lite han bryr seg om å ha det beste eller tyngste kamerautstyret. Under eit reklameoppdrag fekk han tilbod om berehjelp. Då fylte Spant kamerabagen med stein. Han hadde berre med seg eit lite Olympuskamera.

Moralske utfordringar

Spant framstår som uredd og meiner at ein som gatefotograf må bryte litt med tradisjonelle tankemønster.

– Gatefotografiet er «fotografiets mor». Det er dokumentasjon av sanntid i eit urbant miljø, fortel Dag Spant engasjert.

DER DET SKJER: Gay Pride er eit av mange miljø Dag Spant oppsøker når han fotograferer.                                                                                    Foto: Dag Spant

Mange nordmenn er redde for å gjere noko ulovleg, men Spant minner om at det er lov å fotografere folk på offentleg stad utan å klargjere det på førehand.

Skulle bli sivilingeniør

Han studerte til å bli sivilingeniør, men då kjærasten brakk ryggen og fekk eit langt sjukehusopphald avbraut Spant studiet.

– Det såg så kult ut å gå rundt med kamerabag, seier han.

Dag Spant er ikkje redd for å provosere med si utradisjonelle tilnærming til fotografi.

– Det er viktig å finne eit kamera som passar deg og ditt bruk, meiner Spant.
Eit kamera du kan ha glede av, i staden for frustrasjon over avansert teknikk.

– Det er ikkje berre tiggarar og mørke historier der ute. Verda er ikkje slik.
Spant vil vise bilete med humor til sine etterkomarar.

«Spanish War»

I den vesle byen Ibi i Spania vert det kvart år arrangert ein festival i romjula.
«Spanish War» er namnet på festivalen og innhaldet er mellom anna egg og kinaputt.

Dag Spant var til stades og opplevde at mannen i hotellresepsjonen ikkje var klar over at det var festival. Då resepsjonisten såg kor skuffa Spant vart, ringte han mor si for å få det bekrefta. Spant møtte opp fryktlaus og ville vere «i motivet» medan han fotograferte.

TETT PÅ: Dag Spant var uredd i fotograferinga av den årlege festivalen «Spanish War».
                                                                                                                   Foto: Dag Spant

– Dei andre fotografane hadde «limt seg saman» i eit hjørne og var skeptiske til heile situasjonen, fortel han.

Spant opplever ofte å komme tettare på enn pressefotografane. Han klarte å knipse eit bilete av presidentfrua i Frankrike medan pressefotografane blei sperra av vakter.

Misforstår gatefotografi

I ein time sto han på ei populær bru i Venezia og fotograferte turistar som tok «selfiar». Alle brukte mobil. Ingen la merke til Spant, sjølv om han sto eit par meter i frå dei.

USYNLEG: Ingen av turistane la merke til at Dag Spant fotograferte.         Foto: Dag Spant

Spant meiner mange misforstår konseptet gatefotografi.

– Mange trur det handlar om snikfotografering, seier han. Han opplever store kulturforskjellar når han reiser rundt i verda for å fotografere. Det er ikkje i alle land det er like akseptert.

– Folk vil gje meg juling, men eg har ikkje hamna i noko slagsmål endå, avsluttar han.