Einsam jakt på "Tarzan-kroppen" 

Foto: Skeeze pixabay

PERFEKSJONISME: Folk er blitt meir opptekne av å byggje ein estetisk perfekt kropp. Foto: Skeeze, henta frå pixabay. 

Problem rundt mat, trening og vekt, som påvirkar kvardagslivet ditt, kan vere eit teikn på at du slit med eteforstyrring.

– Det er ikkje berre unge og tynne jenter, som blir råka av eteforstyrring. Ein treng heller ikkje å ha synlege symptom for å slite med det, seier Irene Kingswick, generalsekretær i ROS (rådgjeving for eteforstyrring). 

Merksemda rundt spisevegring dreier seg ofte om dei mest ekstreme tilfella. Til dømes har dei fleste med anoreksi normal kroppsvekt. Medieomtale kan hjelpe folk å gjenkjenne symptom på eteforstyrring hos seg sjølv.

Irene Kingswick Pressefoto
VIL HJELPE: Irene Kingswick, generalsekretær i ROS. Foto: Pressefoto. 

– Fleire folk kontakta oss etter at norske media byrja å setje lys på overspising. I etterkant av at det vart annerkjent som ein eigen diagnose i USA, seier Kingswick.

Nærnett sette i forrige veke lys på kroppspress hjå gutar. Idrett med fokus på prestasjon framfor det sosiale, kan i større grad utløyse eit problematisk forhold til eigen kropp.

– Trendane innan idrett har dei siste åra bevega seg over til meir individuelle aktivitetar, ofte på treningssenter. Fleire ynskjer no å få "Tarzan-kroppen," kjenneteikna av meir definert muskulatur. 

Treningsstudio medfører ofte meir einsemd, som følgje av at ein trenar åleine. Kingswick meiner at den sosiale delen av lagidrett også er viktig for helsa.

– Tidlegare dreiv fleire med lagidrett, som gir stor fellesskapskjensle. Mange trenar idag åleine, og med mål om å perfeksjonere sin eigen kropp. Fokuset har  gått vekk frå helsegevinsten, og over til det estetiske. 

– Kan auka spissing i barneidretten også føre til meir eteforstyrring hos unge?

– Det blir meir perfeksjonisme i alle ledd av samfunnet, og til slutt er ingenting godt nok. Det å skulle leve opp til ekstreme treningsvilkår, kan gå ut over enkelte si mentale helse. Fordi dei følar at dei ikkje er gode nok.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth
EINSAMT?: Treningsstudio gir ikkje den same fellesskapskjensla som lagidrett.
Foto: Hans Ivar Moss Kolseth

– Trur du sosiale media, som Instagram, utløysar problem hjå fleire?

– Samfunnsutviklinga går mot meir konkurranse, og færre klarer å leve opp til ein stadig veksande standard. Fleire føler seg middelmådige, og finn noko dei kan utsetje ved seg sjølv. 

– Korleis kan ein oppdage at nokon slit, og korleis kan ein hjelpe?

– Vanlege symptom er at personen unngår samankomstar med mat, eller endrar humør. Finn ei passande stund, og spør om det er noko dei tykkjer er vanskeleg.

– Folk som slit føler ofte at ingen forstår problemet. Mange vil ikkje innrømme at dei har eit problem, før lang tid etter at andre har sett faresignala.

Om du har spørsmål om eteforstyrring eller treng tips til å hjelpe ein ven, kan du kontakte ROS på nett, eller over telefon (94817818).

Overspisingslidelse

  • Kjenneteiknast av  overspising, etterfulgt av skam, vemmelse eller depressive tanker. 

Anoreksi

  • Den psykiatriske diagnosen med høgast dødelighet.

​Folk med eteforstyrringar ventar ofte meir enn 5 år, før dei søkar hjelp.

65-85 prosent, som lid av eteforstyrringar blir bedre eller friske over tid.