Rullestolbrukarar kjem seg ikkje inn i rettssalane i Søre Sunnmøre tingrett
 

RULLESTOLRAMPE: På utsida av Søre Sunnmøre tingrett er det ein rullestolrampe, men der sluttar også tilrettelegginga. Foto: Daniela Elvebakk Mala

Rettssalane er i andre høgda. Rullestolbrukarane må bærast opp ei smal trapp. – Nedverdigande, seier sorenskrivar Elisabeth Wiik.

 

 

SMAL TRAPP: Sorenskriver ved Søre Sunnmøre tingrett, Elisabeth Wiik. Foto: Daniela Elvebakk Mala

Offentlege bygg skal vera tilgjengelege for alle, men det er ikkje tingretten i Volda. Sorenskrivar, Elisabeth Wiik, er oppgitt.

– Me har rettssalane i andre høgda. Det er umogleg å kome seg opp trappa for folk som ikkje kan gå sjølve, seier Wiik.

I fjor var det tre rettshandlingar med rullestolbrukarar som ikkje kom seg opp den smale trappa i tingretten.

– Å kome i retten er ei belastning for alle. Det vil vera ekstra belastande å verte bært opp i andre høgda. Det er veldig nedverdigande, meiner Wiik.

Heller ikkje i toaletta utanfor salen, er det plass til ein rullestol.

– ­Må dei på toalettet, må nokon bæra dei ned att, seier sorenskrivaren.

Flytta til hotellet i Volda

Søre Sunnmøre tingrett måtte leige seg inn på Volda turisthotell i førre veke fordi den 26 år gamle mannen som var blitt påkøyrd og var fornærma i saka, satt i rullestol.

– For tilhøyrarar er det klart det er vanskelegare. Vi veit ikkje på førehand om kven som kjem. Me kan ikkje flytte rettssaka når den skal starte. For offentlegheita, anten det er journalistar eller tilhøyrarar som vil følgje ei rettssak, så har me jo eit problem som me ikkje har løyst, seier Wiik.

Wiik seier at Søre Sunnmøre tingrett heller ikkje tilsette eller ta i mot funksjonshemma dommarar, advokatar eller anna personale som må vera til stades i rettssalen.

Verna bygg

Tingretten er eit verna bygg. Det gjer tilrettelegging vanskeleg.

– Me kan ikkje gjera endringar inne som får konsekvensar for korleis bygget ser ut ute. Det betyr mellom anna at det ikkje er plass til heis i trappeoppgangen, slår sorenskrivaren fast.

Arnstein Fikkan, seniorrådgjevar i Domstoladministrasjonen  seier til Næravisa at dei jobbar for å få på plass ein trappeheis. Han håpar den kan kome på plass relativt raskt.