Mann i 40-åra tiltalt for fleire lovbrot

Skal ha henta 200 gram amfetamin i Volda.

Statsadvokaten har teke ut tiltale mot ein mann i 40-åra frå Søre Sunnmøre, skriv Sunnmørsposten.

Mannen er i Søre Sunnmøre tingrett tiltalt for fleire lovbrot, blant anna brot på staffelova § 232, grove narkotikabeslag. Det kan straffast med inntil ti års fengsel.

Vedkomande henta i juli 2016 200 gram amfetamin i Volda kommune, ifølgje tiltalen. Delar av dette skal han ha levert til ein annan person. Då han vart arrestert av politiet seinare same natt, oppbevarte han cirka 55 gram amfetamin, 240 tablettar ritalin og 1,2 gram hasj i bilen sin.

Han er også tiltalt for å ha køyrd utan gyldig førarkort, og for å ha brukt og oppbevart mindre mengder narkotika, skriv Sunnmørsposten vidare.