Mann mistar førarretten i to år for promillekøyring

Den 26-årige mannen erkjende at han er skuldig for fyllekøyringa i Ørsta 2. juledag i 2016. 

Den sikta vart i Søre Sunnmøre tingrett dømd for brot på vegtrafikklova § 31 fyrste ledd, andre ledd bokstav c, tredje og fjerde ledd, til ei fengselsstraff i 24 dagar, den 6. mars 2017.

Hendinga tok sted då mannen køyrde av Indrehovdevegen i Ørsta i alkoholpåverka tilstand om morgonen den 26. desember 2016. Bilen hamna i grøfta etter at han hadde vore uoppmerksam idet han skulle bytte musikk i bilen. Ei utandingsprøve viste éin time etter at ulukka inntrefte, at den skuldige hadde 1,54 i promille.   

Mannen vart vidare dømd til ei bot på 80 000 kr og til subsidiært fengsel i femten dagar. 26-åringen er vorten fråteken retten til å føre førarkortpliktig motorvogn i to år.

Den domfelte erklærde at han vedtok domen.

Nærnett

Les flere artikler fra Nærnett.