Mann i tenåra tiltalt for vald

Mann i tenåra tiltalt for vald

Ein mann i tenåra frå Søre Sunnmøre er tiltalt ved Søre Sunnmøre tingrett for å ha gått til åtak på ein annan person i Volda sentrum.

Mannen skal fyrst ha slått personen, og deretter skalla til og dunka hovudet hans i husveggen, slik at den såra mista bevisstheita. 

Hendinga skal ha skjedd i november 2017. Saka skal opp i Søre Sunnmøre tingrett 12. mars.