Finansierer klassetur med høgteknologisk hjernetrim

MAURTUA ESCAPE II: Revival

Ein må tenkja utanfor boksen for å klara dei ulike utfordringane. FOTO: Jonas Otneim

Suksessen frå i fjor vender tilbake, og denne gongen må du blant anna ta mobilen i bruk. Tysdag 4. mars opnar Maurtua Escape II: Revival.

– Prosjektet starta etter haustferien og tok form over jul. Det siste som må gjerast, er finjustering på teknikken. Det er mykje kabelstrekk gjennom tronge opningar og skøyt på skøyt. I tillegg er bruk av blåtann litt utfordrande, seier lærar Håvard Krøvel-Velle ved medialinja på Volda vidaregåande skule.

Lærar Håvard Krøvel-Velle står for det meste av teknikken. FOTO: Jonas Otneim

Tre dagar før opning byrjar ting å sitja, og løypa blir testa fleire gonger for å sikra ei god oppleving. Men dei som har kjøpt billett må òg hugsa å ta med hovudet.

– Det er eit krevjande puslespel der samarbeid og god kommunikasjon er alfa og omega. Ein bør notera undervegs og aktivt bruka hinta. Som i fjor er det òg ein tvist som blir avslørt etterkvart, seier Krøvel-Velle.

Deltakarane blir utfordra på matte, gåter, logikk og bruk av moderne teknologi. Blant anna VR-briller og eit eige Snapchat-filter trengst for å avdekka spor.

Blir lettare til opning

Skuleelevane Tiril Brenne Høydal og Henrik Solheim Stave er to av prøvekaninane som har testa Maurtua Escape II: Revival. Dette er fyrste gongen dei prøver konseptet escape room. Engasjert avbryt dei kvarandre når Nærnett spør korleis løypa var.

– Det var veldig utfordrande fordi ein må bruka logikk under tidspress, seier Stave.

– Gøy! Men folk må samarbeide godt og jobba samtidig på fleire oppgåver, utfyller Høydal

Båe trekkjer fram ei oppgåve der ein kronologisk må sortera mange kort som den største utfordringa. Dei brukte fleire minutt utan framsteg. Likevel sat latteren løyst, og dei håper mange tar turen innom.

– Dei sa det skulle komma eit såkalla hint-nettbrett slik at det forhåpentlegvis blir litt lettare, seier Stave.

F.v. Tiril Brenne Høydal, Hanna Nautvik Nesset, Sigurd Ose, Ludik Brune Leikanger, lærar Gunnar Sigve Aurdal og Henrik Solheim Stave er blant dei fyrste som testar årets escape room ved Volda vidaregåande skule. FOTO: Jonas Otneim

Fryktar eksamen

Så langt er ti av tretti timar tinga, og trua er stor på at aktiviteten vil bli utselt. Inntekta går til klassetur for media og kommunikasjon. Dei har sjølv bidrege til å laga løypa, men gjev bort mesteparten av æra.

– Det er Håvard som er mastermind, ifølgje Amanda Holstad Ramstad. – Me har prøvd å hjelpe til så godt me kan. Me har laga ein del rekvisittar og handverk, og så tar han seg av det tekniske.

Tredjeklassingane følgjer fra andre etasje sporadisk med på prøvekaninane.
FOTO: Jonas Otneim

Jentene laga tidlegare eit miniatyr-escape room heilt sjølv. Deltakarane hadde ti minutt på å komma seg fri, og responsen var veldig god. Eksamen derimot, håper dei blir orienterte rundt noko anna.

– Det er berre vi og éin annan skule i fylket som har studieretninga vår, medieutvikling. Det er nesten eit «testfag», så vi håper ikkje dette kjem med på eksamen. Håvard trua med å låsa oss inne slik at vi sjølv må løysa gåta for å få ståkarakter, seier Ramstad spøkefult medan dei andre jentene ler.

– Gagnar heile lokalsamfunnet

Sparebank 1 Søre Sunnmøre har gitt økonomisk støtte til prosjektet. Til no har ingen av bankfolka tidlegare prøvd escape room.

– Det å lage noe som gagnar heile lokalsamfunnet synast me er veldig kjekt. Me støtta det i fjor ogso men dette er fyrste gong me tar turen, seier Veronica Pilskog.

– Korleis er stemninga?

– Me er spente. Spørst om me kjem oss ut, undrar ho.

– Me skal på jobb måndag klokka åtte, skyt Vidar Egset inn til stor latter frå dei andre.

F.v. Vidar Egset, Robert Bratteberg, Veronica Pilskog, Øyvind Amundsen og Bjørn Egil Espenakk håper dei rekk tilbake på jobb måndag. FOTO: Jonas Otneim

Dei oppmodar familiar og vener til å ta turen, men påpeiker òg at andre bedrifter bør hiva seg rundt.

– Det er eit fantastisk samarbeidsprosjekt til lagbygging. Vi utfordrar andre lokale aktørar til å testa det ut, avsluttar Pilskog.

Kva er escape room?

  • Spel der ein blir fysisk innelåst eller hindra frå løysinga
  • Spørsmåla er mattestykke, gåter, puslespel o.l. og heng ofte saman
  • Bloma i Europa på 2010-talet
  • Som oftast har ein avgrensa tid på å fullføra
  • Tilbydes frå heilanalogt til høgteknologisk