Kan skape store ubalansar hos bakteriefloaren i magen

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth

BAKTERIEBOMBE: Smågodt kan gi det magesjau og ubehag. Foto: Hans Ivar Moss Kolseth

Burde vi rynke på nasa av smågodt? 

– Eg trur smågodtfråtsing kan skape store ubalansar hos bakteriefloaren i magen. Det skal ikkje meir til en ein antibiotikakur, eller store mengder sukker for at den havnar i ubalanse, noko som kan gi helsemessige ringverkninger også på lengre sikt, seier ernæringsterapeut Kristine Vestøl.

Mange lar dietten gå ut av vindauget i påska. Noko, som kombinert med stillesitting kan vere tungt for vekta. Vestøl meiner at det fint går ann å skeie ut i høgtidene.

Kristine Vestøl
SUNN: Kristine Vestøl Foto: Privat

– Akkurat det man spiser i høgtidene har ikkje så mykje å sei visst man ellers er påpasselig. Det er eit større problem at mange har eit jamnt høgt inntak heile året.

Har du eit tips til dei som prøvar å begrense sukkerinntaket i påska?

Det viktigeste er først å fremst å la være å kjøpe smågodt, velg heller eit sunnare alternativ å kose deg med. Personlig foretrekker eg sjokolade med høgt kakoinnhald, tørka frukt og nøtter. Du kan finne ei rekkje sunne oppskrifter på nett.

Du må sjølv vurdere risikoen

– Kor farlig er bakterieinnholdet i smågodt?

– Det er eit større problem for helsa til folk at dei et for store mengder av det, når det er på tilbod. Ein kan i enkelte tilfelle få litt ubehag i magen, men det er sjeldent meir alvorleg enn det, seier seksjonsjef Lennart Floyd Berge frå Mattilsynet på Sunnmøre.

LES OGSÅ: Her handlar du billigast påskegodt

Om godteriet allerede har blitt "forurensa" hjelp det lite å fryse ned restane for at det skal holde seg betre. 

– Frysing inaktiverer bakteriane, men drep dei ikke. Dei vaknar til liv igjen når godteriet tinast opp.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth
SUNT ALTERNATIV: Kiwi i Volda tilbyr kundene frukt og grønt til samme pris som smågodt. Foto: Hans Ivar Moss Kolseth

– Burde Mattilsynet i større grad slå ned på det åpne pallesalget av smågodt i påsketida?

– Forbrukarane ser at godteriet ikkje ligg i lukka behaldarar, og er derfor i stand til å vurdere risikoen sjølve. Visst vi oppdagar høge verdiar av uønska bakteriar i smågodtbeholdarar under eit tilsyn, vil vi såklart seie ifra om det.

– Det er viktigare at Mattilsynet kontrollerar produsentar, der det kan det oppstå alvorlige sjukdommar, enn at vi går rundt på dagligvarebutikkar, på leit etter tarmbakteriar i smågodtet, seier Berge.