Opptatt av ein fysisk møteplass for ungdom 

Leiar i tenesteutvalet for oppvekst og kultur, Rebecca Riise Bjerknes. FOTO: Henrik Røyne 

Onsdag var det møte i tenesteutvalet for oppvekst og kultur. Etter lang tid utan ein fysisk møteplass for ungdommen utanfor skuletid, opnast det no opp for ei midlertidig løysning

 

Etter at forslaget i frå ungdomsrådet vart avvist, ser det no ut som at dei får ei midlertidig løysning. 

Kommunen skal kartlegge kva det er ungdommar ønskjer seg, og kva det er som trekker dei til ein eventuell ungdomsklubb. Kommunen vil også finne ut kva ungdom i dag vil fylle tida si med, samt kva behova deira er. Utvalet er positive til denne kartlegginga, men vil gi ungdom eit midlertidig tilbod medan utgreiinga føregår. 

Leiar i tenesteutvalet for oppvekst og kultur, Rebecca Riise Bjerknes, meiner at eit treffpunkt for unge er nødvendig. 

– Eg oppfatta det slik at tenesteutvalet for oppvekst og kultur var samstemte om at det skal satsast på eit ungdomstiltak. Eg tykkjer det er rett med ei utgreiing og ei kartlegging av behovet blant unge, men vi er opptatt av den fysiske møteplassen og meiner det er nødvendig, fortel Bjerknes.

Utvalet er einige om at det er ungdommane sjølv som burde ha den viktigaste stemma, når det kjem til kva slags ønskjer og behov dei har for ein ungdomsklubb. Dei håpar at kartlegginga vil bli enklare og gå raskare når dei får samla kjerna av ungdommane som vil komme å benytte seg av tilbodet. 

– Vedtaket som har blitt gjort av tenesteutvalet for oppvekst og kultur, er at som ei midlertidig løysing, så opnar ein igjen for treffkveldar i salongen på samfunnshuset i Volda. Dette gjer at medan prosessen og utgreiinga føregår, har ungdommane ein moglegheit og ein møteplass der dei kan treffast, seier Bjerknes 

Bjerknes håpar at salongen opnar for ungdommen så snart som mogleg, men det er ikkje fastsett nokon dato enda.